Skriftkultur 7/2025: Litteraturdidaktikk
Velkomen til lansering av det sjuande nummeret av skriftserien Skriftkultur, som rettar søkjelyset mot litteraturdidaktikk.
Desse HVO-kollegaene ønskjer velkomen til lansering av «Skriftkultur» nr. 7 (f.v.): Marit Brekke, førstelektor og temaredaktør, Stig J. Helset, professor og redaktør, Wenke Mork Rogne, professor og temaredaktør, og Brage Egil Herlofsen, stipendiat og artikkelforfattar. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
Velkomen til lansering av det sjuande nummeret av skriftserien Skriftkultur, som rettar søkjelyset mot litteraturdidaktikk. Dette nummeret diskuterer litteratur og litteraturundervisninga sin posisjon i fortid og notid, og korleis undervisninga òg kan stimulere til kreativitet, lesemotivasjon og leseglede. Det stadsbaserte i litteraturen står også sentralt i arbeidet med å skape relevans og meining, både analogt og digitalt og på tvers av nasjonale skiljelinjer og utdanningsinstitusjonar, samtidig som skulebiblioteka kan vere ein litterær arena for å danne god lesekultur i skulen, og også desse tematikkane blir det kasta lys over i det nyaste nummeret av Skriftkultur.
Boklanseringa blir opna med at redaktør Stig J. Helset og temaredaktør Wenke Mork Rogne presenterer skriftserien og det nye temanummeret. Deretter vil Rogne ta ein sofaprat med Marit Brekke og Brage Egil Herlofsen. Brekke, som også er temaredaktør for nummeret, har i lag med Anna Smedberg Bondeson skrive artikkelen ”Fra den norske fjord til den danske jord” – Den litterära förmedlingsarenan som utgångspunkt för språkblandad och gemensamt skriven platsdikt. Herlofsen har skrive artikkelen Litteraturens plass i Erling Kristviks reformpedagogikk.
Det blir servering av kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Alle er velkomne!