Sivert Aarflot – opplysningsmann med det første norske ‘mediehuset’ på landsbygda

Reidun Aambø, tidlegare førstelektor ved Høgskulen i Volda, held lunsjforedrag om Sivert Aarflot i høgskulebiblioteket onsdag 5. november.

Mediehuset på Høgskulen i Volda har fått namnet Sivert Aarflot. Både huset og mannen er midtpunktet på campus, for Aarflot hadde ein relasjon til personane som har gjeve namn til dei fire andre husa.

I hans levetid (1759-1817) var det omgangsskule, opplysningstid og ei gryande nasjonalkjensle. Noreg var i union med Danmark, det var Napoleonskrig og fleire uår med hungersnaud.

Sivert såg verdien i gamal bondetradisjon, men han såg også at fordommar og mangel på kunnskap heldt folk nede. Han ville opplyse folk, betre jordbruket for å produsere meir mat, og han ville styrke bondens sjølvkjensle. Aarflot var opplysningsmann, lensmann og bonde i ei krevjande tid.

Det blir servering av kaffi og te, og du kan gjerne ta med lunsjen din.
Alle er velkomne!

Del på: