Lunsjarrangement: Johan Storm Munch: Prest på prærien – evangelist i Kristiania

I år er det to hundre år sidan dei første norske utvandrarane drog til Amerika. Ved inngangen til 1900-tallet hadde meir enn 750 000 norske slått seg ned der, fordelt på meir enn 3000 norske meinigheiter.

Johan Storm Munch var ein av dei første som reiste for å vere prest for nordmenn i Wisconsin. I dei fem åra han var der, skreiv både han og kona brev til familien i Noreg. Desse og andre kjelder gir eit innblikk i korleis livet var for utvandrarane.

Kaia og Johan Storm Munch vende tilbake til Noreg fem år seinare. Han til eit turbulent liv som prest i og utanfor statskyrkjelege rammer. Livet deira kan gi ny kunnskap om eit ukjent stykke norsk kyrkjehistorie, ikkje minst korleis norsk kyrkjeliv vart påverka av at så mange nordmenn var med på å bygge kyrkje i ein annan kultur enn vår eigen.

Dette spørsmålet er eit sentralt tema i Birger Løvlies biografi "Johan Storm Munch : prest på prærien – evangelist i Kristiania" (Cappelen Damm 2025). Svara handlar om opprør og kamp for å endre kyrkja i takt med eit samfunn som var i ferd med å bli moderne, sekulært og demokratisk.

Birger Løvlie er pensjonist og tidlegare tilsett som dosent ved Institutt for religion og livssyn ved HVO. Han har særleg arbeidd med vestnorsk og skotsk kyrkjehistorie og var med på å utvikle masterprogrammet Kulturmøte.

Løvlie presenterer biografien, og deretter vil historieprofessorane Atle Døssland og Inger Marie Okkenhaug delta i samtalen.

 

Song ved Anne Marta Vinsrygg Vadstein.
 

Biblioteket serverer gratis kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Velkomen!
 

Del på: