Kjeldesortering med APA

2022-11-24T12:00:00 - 2022-11-24T14:00:00
Legg til i kalender

Synest du referansar er noko herk? Då kan vi glede deg med at kjeldesorteringsstasjonen er tilbake i biblioteket. Der kan du i vekene framover få hjelp med kjelder og litteraturliste etter APA-standarden. Vi rettar ikkje heile litteraturlista di, men vi kan hjelpe deg med nokre døme.

Tidspunkt: Drop-in kvar tysdag og torsdag kl. 12.00–14.00 i november.

Du finn oss i 1. etasje i biblioteket i tidsskriftkroken.     
Ver merksam på at du kanskje må vente litt, dersom det er kø.  

Vel møtt.

Hugs at nettsidene våre også har gode tips: https://www.hivolda.no/biblioteket/skrive-og-referere 

Del på