Boklansering: ‘Rimet om den gamle sjøfararen’
Torsdag 28. august markerer Ura forlag lanseringa av "Rimet om den gamle sjøfararen" – ei bok med langdiktet ‘The Rime of the Ancient Mariner’ av Samuel Taylor Coleridge i omsetjing og original. Omsetjar er Kjetil Arve Myskja, og han har også skrive forord og etterord i boka.

Diktet blir rekna som eit av dei største engelskspråklege dikta gjennom tidene, men ikkje i tydinga av noko abstrakt intellektuelt: det fortel ei historie, og ei svært dramatisk historie er det også. Ein kan kalle det ei sjøforteljing, ei spøkelsesforteljing, eit eventyr: alt dette er det, og meir til.
Vi meiner dette er første gong Coleridges endelege versjon av diktet (1834) har blitt omsett til norsk. Boka vår er også utstyrt med eit utval av dei dramatiske illustrasjonane som den kjende franske kunstnaren Gustave Doré laga til si eiga utgjeving av diktet seinare på 1800-talet.
Forleggar Jan Ove Ulstein vil innleie, stipendiat i nordisk litteratur Brage Herlofsen vil kommentere omsetjinga, og omsetjaren vil lese utvalde passasjar og svare på spørsmål.
Biblioteket serverer gratis kaffi og te – ta gjerne med lunsjen din.
Velkomne til ein frisk seilas!