Frukostseminar med Khrono: Går det an å ha eit norsk fagspråk?
Nettavisa Khrono har vorte 10 år, og markerer jubileet blant anna med ein debatturné på høgskular og universitet. Fredag 9. juni er det duka for frukostseminaret: Går det an å ha eit norsk fagspråk?
Paneldebatten vert leia av Ragnhild Bjørge.

Det blir også samtale med:
- Stipendiat Eivor Finset Spilling
- Stig Helset
- Eirik Søvik
Alle tre frå Høgskulen i Volda. Samtaleleiar er Hilde Kristin Strand.
Interesserte er velkomne til frukost i foajeen i Sivert Aarflot-huset kl 08.30. Sjølve debatten finn stad i Store Aarflot (SAA 257) kl 09.00.
Frukostseminaret vert strøyma. Klikk på lenka for å delta digitalt.
Vel møtt!