Psykisk helsemånad

Programmet for Psykisk helsemånad
2020-10-09T11:45:00 - 2020-10-31T23:00:00
Legg til i kalender

Laurdag 10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse, og på Høgskulen i Volda markera vi det med ein heil Psykisk helsemånad! 

Tema for Verdensdagen er i år er "Ver merksam. Vis interesse. Spør meir". 
På Høgskulen vil det ut oktober vere varierte aktivitetar og arrangement som skal bidra til at vi nettopp skal kunne vise meir interesse og engasjement for kvarandre.

Programmet er variert og studentane kan vere med på alt frå rebusløype i Elvadalen, kino, Vennskapskafé, yoga, Hurtigvenn, tur med Natura, Tankevirus, Haustkafé og ny episode av Podkrastinasjonen med psykisk helse som tema. Heile det flotte programmet finn du her. 
Alle arrangement er gratis, og pga smittevern er det naudsynt med påmelding og begrensa plassar. Påmelding skjer i Tikkio

Psykisk helsemånad arrangerast av Velferdsgruppa, og er eit spleiselag mellom Høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda. 
 

Del på