UH Nett Vest

UH Nett Vest er eit formelt nettverkssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, VID og NLA.
Nettverket vart oppretta 1. januar 2008. I mars 2009 vart Høgskulen i Volda medlem i nettverket.
UH-Nett Vest skal vere eit regionalt nettverk som skal bidra til å styrke høgare utdanning og forsking ved medlemsinstitusjonane gjennom eit forpliktande nettverkssamarbeid.