Fjordkonferansen 2024: regional konkurransekraft

Fjordkonferansen 2018
Fjordkonferansen.no
2024-06-06T09:00:00 - 2024-06-07T15:30:00

Fjordkonferansen 2024 blir arrangert i Loen 6. og 7. juni. Årets tema er regional konkurransekraft.

Arrangørane inviterer til ein tverrfagleg konferanse med temaet regional konkurransekraft. Dette er eit vidtfemnande tema som inneheld ulike aktivitetar eller tiltak som påverkar den økonomiske, sosiale, kulturelle eller demografiske utviklinga i eit område.

Regional konkurransekraft kan definerast på ulike vis, alt etter fagtradisjon og problemstilling. Ein brei definisjon av omgrepet kan vere den evna ein region har til å betre leve- og livsstandarden i regionen.

Dette inneber at graden av konkurransekraft i ein region er påverka av ressurstilgangen i vid forstand, som til dømes tilgangen på næringsareal, på arbeidskraft, på historiske og kulturelle verdiar i regionen, på fysisk infrastruktur, på helsetenester og på utdanning, forsking og fagkompetanse i regionen.

Konkurransekrafta i ein region er også påverka av korleis dei ulike ressursane blir kopla saman. Dette gjeld utviklinga av innovative evner i arbeidsstyrken, teknologi i private og offentlege verksemder, dei organisatoriske evnene til tilsette og leiarar i privat og offentleg sektor og korleis produkta og regionen blir marknadsførte.

Konkurransekrafta til ein region vil også bli påverka av handlingane til offentlege og private verkemiddelaktørar.

For meir informasjon: fjordkonferansen.no

  • Fristen for innsending av samandrag (abstract) til konferansen er 14. mars. Les meir på nettstaden til Fjordkonferansen.

Del på