Fagdag med fokus på spiseforstyrringar

spiseforstyrring

Korleis kan vi kjenne att spiseforstyrringar hos barn og unge? Kva faresignal skal ein vere merksame på? Kva hjelpetiltak finst? 

Poliklinikken for psykisk helsevern til barn og unge i Volda (BUP), Høgskulen i Volda og Sjustjerna helse og omsorg inviterer til ny felles fagdag. 

Hovudmålgruppa for fagdagen er tilsette i 1. og 2. linjetenesta og tilsette i grunn- og vidaregåande skule.

Godkjenningar:

  • Psykologforeningen: 7 timars vedlikehaldsaktivitet
  • Den norske legeforeningen:
    • Allmennmedisin: godkjennast med 7 valfrie kurspoeng til vidare- og etterutdanninga. 
    • Pediatri: godkjennast med 7 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistanes etterutdanning. 
    • Barne- og ungdomspsykiatri: godkjennast med 6 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistanes etterutdanning.

Tema for dagen:

  • Kva er spiseforstyrringar: Diagnostikk og epidemiologi (symptom, prevalens, ulikskapar mellom kjønna)
  • Tidlege symptom og tidleg intervensjon ved spiseforstyrringar (og litt om prognose)
  • Kvifor spiseforstyrringar (etiologi): Underliggande, utløysande og oppretthaldande faktorar
  • Familieterapi, familiearbeid, multifamilieterapi
  • Samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Kven gjer kva – når

Hovudforedragshaldarar

Sigrid Bjørnelv er overlege, spesialist i psykiatri, i tillegg til å vere 20 % amanuensis ved Institutt for psykisk helse (IPH) ved NTNU. Ho har også ein ph.d. Bjørnelv har vore fagleg ansvarleg for Retningslinjer for behandling av spiseforstyrrelser i spesialisthelsetjenesten (H-dir, 2000), og Nasjonal Faglig Retningslinje for Spiseforstyrrelse (helsedirektoratet 2017).

Sylvi Norang Haugnes er overlege ved Regionalt kompetansesenter for spiseforstyrrelser (RKSF), spesialist i barne- og ungdomspsykiatri. Ho har dei siste tre åra også vore med å leie arbeidet ved RKSF innan multi-familieterapi.

Øvrige fordragshaldarar

Juni Raak Høiseth presenterer funn frå rapporten "Veien ut av en spiseforstyrrelse - hva var til hjelp?". Juni er deltids masterstudent i Meistring og myndiggering ved Høgskulen i Volda. Ho jobbar til dagleg som prosjektkoordinator i Kompetansesenter for brukererfaring og tjenesteutvikling (KBT), og som frivillig i ROS - Rådgivning om spiseforstyrrelser. Ho har vore prosjektleiar og ansvarleg for gjennomføringa av ei undersøking som har sett på kva tidlegere pasientar med spiseforstyrringar ser på som sine behov for hjelp før, under og etter avslutta behandling.
 

Program

  • 8.00: Registrering og morgonkaffi/te
  • 8.30: Velkomen ved Høgskulen i Volda, BUP og kommunane
  • 8.45 - 9.15: Vegen ut av spiseforstyrring v/masterstudent Juni Raak Høiseth, HVO
  • 9.15 - 9.45: Handsaming av spiseforrstyrringar ved overlege Gyril Vattøy og klinisk barnevernspedagog og familieterapeut Ellen Silseth Tømmerbakk, BUP
  • 9-45 - 10.00: Pause
  • 10.00 - 12.00: Bjørnelv & Haugnes, jamfør tema for dagen 
  • 12.00 - 12.45: Lunsj
  • 12.45 - 15.15: Bjørnelv & Haugnes, jamfør tema for dagen

Påmeldingsfrist: 1. november.

Velkomne!

Del på