Fagdag: Tarjei Vesaas 125 år. Seks blikk på ein forfattarskap

Tarjei Vesaas, banner
Foto: Vinjesenteret
Sjå fagdagen direkte her
2022-06-13T09:00:00 - 2022-06-13T16:00:00

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas (1897-1970) blei fødd. Han var ein av dei viktigaste forfattarane i Norden, og blei i 1964 den første norske forfattaren som fekk Nordisk råds litteraturpris. Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda markerer Tarjei Vesaas-året med fagdagen Tarjei Vesaas 125 år: Seks blikk på ein forfattarskap måndag 13. juni i etterkant av Festspela.

SJÅ FAGDAGEN DIREKTE HER

Fagdagen går føre seg måndag 13. juni kl. 9.00-16.00 på Høgskulen i Volda i Berte Kanutte-huset, store auditorium. Det er mogleg å følgje fagdagen både fysisk på Høgskulen i Volda og på nettet. Fagdagen er gratis, og du kan melde deg på fagdagen her på sida. Påmeldingsfristen er 8. juni 2022.

På nynorsk.no finn du meir informasjon om Festspela 9-12. juni og høve til å kjøpe festivalpass og billettar til festivalen. 

 

Nynorsk kultursentrum og samarbeidspartnarar vil markere forfattarskapen og Tarjei Vesaas-året 2022 med støtte frå Kulturrådet, Vinje kommune og Bergenstiftelsen.   

Tarjei Vesaas 125 år:

Seks blikk på ein forfattarskap

Fagdag om litteraturen og forfattarskapen til Tarjei Vesaas

Program


9.00Registrering, kaffi og noko lite å bite i
9.15

Velkomst ved programleiaren

Opningshelsingar ved Per Halse, prodekan og professor ved Høgskulen i Volda, og Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum

9.30Jan Inge Sørbø: I ansvars naud. Om etikken i Tarjei Vesaas litteratur
10.15Kort pause
10.30

Inga Henriette Undheim: Visjonar ifrå djupaste dæld.

Frå "Draumkvedet" til Brannen (1961)

11.15Lunsj
12.00

Narve Fulsås: Den lange vegen til verda.

Tarjei Vesaas' internasjonale publiseringshistorie etter krigen

13.00

Per Esben Myren-Svelstad: Tett ved jordi.

Pastoral homoerotikk i odelsromanen Det store spelet (1934)

13.45Kort pause
14.00

Lisbeth Pettersen Wærp:

Eksistens og eksperiment – Båten om kvelden (1968)

15.00

Magnar Åm: fugleskrift

Om å tonesetje Vesaas. Med musikk frå Volda Vokal.

15.45Avslutning

 

Del på