Hilde Opsal har forska på bruken av elevbøker i matematikk på ungdomssteget i sitt doktorarbeid i matematikkdidaktikk. Hovudkonklusjonen er at elevane ikkje bruker elevboka etter intensjonane.
Knut-Willy Sæther, førsteamanuensis ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, har fått tilbod om å vere gjesteforskar ved Princeton Theological Seminary, hausten 2012
Studentar og tilsette ved Insitutt for språk og litteratur helg valvake i kveld, tysdag 2.11. kl. 21.00. Tidlegare i dag møtte voldaforskar Alf Tomas Tønnessen i nettmøte på VGnett om det amerikanske kongressvalet. Du kan sende inn spørsmål no.
Saman med den spanske historikaren Angel Beneito Lloris har sosiolog og professor Jon Olav Myklebust ved Høgskulen i Volda gitt ut boka "A Hospital for Spain! Scandinavian Solidarity in a Time of Civil War." Boka fortel om det store folkelege engasjementet i den spanske borgarkrigen.
Ein stor samling føreskulelærarar, lærarar og andre interesserte var samla for å få kunnskap og inspirasjon då Nynorsksenteret 17. april skipa til konferansen Språkstimulering. Lila Moberg og Ingjerd Travik frå Høgskulen var nokre av innleiarane.