See list of study plans starting on:

Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)

Program of study: 
Special Education
Level of study: 
Master
Credits: 
60
Duration: 
4 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
20
Type of study: 
Master
Study mode
Part-time
Admission and rating

1. Opptaksgrunnlaget til vidareutdanning i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:  

  • bestått minimum dei tre første åra i den fireårige grunnskulelærarutdanninga 
  • allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning
  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. 

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 
About

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk er profesjonsretta og har som mål å gi studentane solid kunnskap og kompetanse som gjeld vilkår for utvikling, læring og livsutfalding for dei som møter barrierar i livet. Omgrepa inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø er overordna ideal som gjeld for mangfaldet barn, unge og vaksne både i ordinær opplæring og i spesialpedagogiske tiltak. Dei ulike emna i studiet gir ulike faglege tilnærmingar til utfordringane i opplæringa og til kva som kan gje høg kvalitet både i ordinær opplæring, men særleg i spesialpedagogiske innsatsar i barnehage og skule (sjå studieplanen for nærare informasjon om emna). Studiet byggjer på godt utvikla og dokumenterte praksiserfaringar i kombinasjon med ei kritisk vitskapleg og forskingsbasert tilnærming til fagfeltet. Undervisninga tek opp det historiske, utdanningspolitiske, praktiske og teoretiske grunnlaget for spesialpedagogikken og inkluderande opplæring. Det vert lagt vekt på kritisk og analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing samt skriftleg og munnleg presentasjon. 

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til mellom anna:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne    
  • har omfattande kunnskapar om spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring   
  • har grundige kunnskapar om ulike vitskaplege og forskingsmetodiske tilnærmingar til fagfeltet   
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planlegge, iverksette og vurdere tiltak som fremjar inkluderande opplæring  
  • kan nytte innsikta i spesialpedagogikken til å utøve profesjonelt skjøn for ei best mogleg opplæring for sårbare barn, unge og vaksne    
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld spesialpedagogiske utfordringar og inkluderande opplæring   
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis   
  • kan legge vitskaplege kriterium til grunn for eigen faglege ståstad og utvikling   
Content structure

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk inneheld i alt fire emne, SP301, SP302, SP303 og SP304, og går kvar over eitt semester. Det er fem samlingar pr. emne. Kvar samling er på to dagar og kvart av emna er på 15 studiepoeng. Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.   

Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring (SP301).

Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Evaluation

Vurderingsordningane varierer frå emne til emne. Det er variasjon mellom emna i arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.   

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.   

Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:    

  • samlingsevalueringar    
  • sluttevaluering    
  • møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet    
  • tilbakemelding frå eksternsensor (sensorrapport) 
Ansvarleg
Anne Randi Fagerlid Festøy, epost: anne.randi.fagerlid.festoy@hivolda.no