Spesialpedagogikk. Deltid
Studiet i spesialpedagogikk har som utgangspunkt at all opplæring i barnehage og skule skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak.
Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
- arbeid i PP-tenesta
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
• har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor dei respektive spesialiseringane
• har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
• har kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til det respektive fagfeltet
Studenten
• kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte ut frå dei respektive spesialiseringane.
• kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag
Studenten
- kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
- kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
Studiet er delt inn i fire emne.
UL301: Overordna perspektiv på inkludering i barnehage og skule (15 stp)
UL302: Utvikling og læring i barnehage og skule (15 stp)
ULSP303: Språk- og leseutvikling (15 stp)
ULSP304: Leiing og åtferd (15 stp).
Studentane byrjar til vanleg med emne UL301. Innhaldet i emna blir presenterte seinare i dokumentet (sjå studiemodell).
- Emneplanane som ligg i 2.studieåret i deltidsstudiet kan bli reviderte/ endra i samband med den årlege gjennomgangen av studie- og emneplanar. Dette kan også gjelde t.d. arbeidskrav og eksamensordning.
- Etter individuell vurdering er det mogleg å nytte godkjende emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om innpassing i studiet. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.
Kvart av emna i vidareutdanninga går over eit semester, og med i alt fem samlingar i Volda for kvart av dei.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring | 2017 Autumn | 2018 Spring |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Course | 2017 Spring | 2017 Autumn | 2018 Spring | 2018 Autumn |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i fagutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor