Databasar og artiklar
Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.
Alf Prøysen: Bibliografi og diskografi
Referansar til norske og utanlandske bøker, artiklar i bøker, tidsskrift og aviser – av og om Alf Prøysen, samt viser av Prøysen og andre sine tolkingar av visene hans.
Atekst, Retriever
Fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Omtaler av forfattarar og bokmeldingar. Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r).
Rettleiingsfilm: Finne avisartiklar i Retriever.
Merk: For ein del aviser er ikkje nyaste innhald tilgjengeleg (såkalla leseforsinkelse): Oversikt over kva aviser det gjeld for og når innhald er tilgjengeleg.
Bibliografi over norsk litteraturforsking
Norsk litteratur etter 1500 og generell litteraturkritikk og litteraturteori. Ikkje fulltekst.
Bibliotek.dk - Artikelsøgning
Bibliografisk base med referansar til danske tidsskrift- og avisartiklar frå 1981- .
BrowZine
Ein teneste som gir deg enkel tilgang til alle e-tidsskrifta som Høgskulen i Volda abonnerer på. I ditt eige bibliotek i BrowZine kan du legge inn favorittane dine og få god oversikt over det du interesserer deg for. Brukarrettleiing på YouTube.
Collett-bibliografi: Litteratur av og om Camilla Collett
Referansar til norske og utanlandske bøker, artiklar i bøker, tidsskrifter og aviser – av og om Camilla Collett.
Diktbiblioteket
Hjelpemiddel til å finne igjen og lokalisere norske dikt. Inneheld ikkje dikt i fulltekst.
Hamsun-bibliografi: Litteratur om Knut Hamsun
Referansar til bøker, artiklar i bøker og tidsskrift og avisartiklar – utgitt i Noreg, i andre europeiske land og til ein viss grad i andre verdsdelar frå 1879.
Den internasjonale Ibsen-bibliografien
Internasjonal bibliografi til verk av og om Henrik Ibsen.
Libris
Felles database for svenske fag- og forskingsbibliotek. Kan td. avgrense til søk på artiklar/kapittel.
Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek (nb.no)
Her finn du mellom anna norske digitaliserte aviser, bøker og tidsskrift. Det som ikkje ligg ope tilgjengeleg, kan du søke om tilgang til. Kravet er at bruken er knytta til forskings- eller dokumentasjonsformål. For å verifisere det, må du stadfeste bruken din når du opnar eit dokument.
Vitskapeleg tilsette: Får direkte tilgang ved å logge inn på Nasjonalbiblioteket si side med Feide. Du finn innlogging i menyen øvst til høgre.
Studentar: Får ikkje tilgang til lærebøker for høgare utdanning og profesjonsspesifikk faglitteratur utgitt dei siste 20 åra. Inndelinga er basert på forlaga sine bokgrupper for 2.1 og 2.2. Materialet det gjeld vil vere merka i Nettbiblioteket.
For å få tilgang til anna materiale (inkludert aviser):
- Logg inn på Nasjonalbiblioteket si side med Feide eller ID-porten. Du finn innlogging i menyen øvst til høgre.
- Klikk på "Send inn".
- Nasjonalbiblioteket behandler søknaden forløpande innanfor åpningstidene sine.
- Søkaren får ei stadfesting på e-post når tilgangen er gitt.
Om tilgangen (gjeld både tilsette og studentar)
- Tilgangen gjeld i 8 timar og dekkjer de fleste pliktavleverte bøker, tidsskrifter og aviser i nettbiblioteket i éin søknad.
- Ved inaktivitet går lånet ut etter 2 timar.
- Når tilgangen til eit dokument er avslutta, må du vente 2 timar før same dokument kan opnast igjen.
Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.
Norsk litteraturkritikk
Bibliografi over litteraturkritikk publisert i norske medium. Inneheld også enkelte omtalar av norsk litteratur publisert i utanlandske medium.
Runeberg-prosjektet
Open Access-base med fulltekstutgåver av eldre, klassisk nordisk fag- og skjønnlitteratur.
Sakbib
Sakbib er forskingsmiljøet Norsk sakprosas bibliografi over norsk sakprosaforsking. Open for alle.
SCUP (Scandinavian University Press)
SCUP (tidlegare Idunn) er Scandinavian University Press si digital plattform for fag- og forskingstidsskrift og ope tilgjengelege (open access) forskingsbøker. Her kan du søke og lese i over 32 000 kvalitetssikra tidsskriftartiklar og bokkapittel innanfor ei rekkje fagområde. Nye artiklar, utgåver, tidsskrift og bøker blir løpande lagt til.
Wergeland-bibliografi
Referansar til bøker, særtrykk, hovudoppgåver, doktoravhandlingar og artiklar i bøker og i tidsskrift gitt ut i perioden 1830-mars 2005.