Databasar og artiklar

Oria
Digital inngang til alle trykte og elektroniske ressursar i biblioteket.

1814-bibliografien
Inneheld referansar til monografiar, artiklar i bøker og tidsskrift, biografiar, dagbøker, m.m. der 1814 anten er eit hovudtema, eller inngår som del av ein større heilskap.

Atekst, Retriever
Fulltekst mediearkiv frå Retriever med artiklar frå norske aviser, blad og nyhendebyrå. Merk! Dersom det står Retriever Logg inn, må du laste inn sida på nytt (F5 eller Ctrl+r).
Rettleiingsfilm: Finne avisartiklar i Retriever.
Merk: For ein del aviser er ikkje nyaste innhald tilgjengeleg (såkalla leseforsinkelse): Oversikt over kva aviser det gjeld for og når innhald er tilgjengeleg.

JSTOR
Arkiv over internasjonale vitskapelege tidsskrift i fulltekst, hovudsakeleg innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Databasen dekkjer normalt ikkje dei siste 3-5 åra av eit tidsskrift.

Nasjonalbibliotekets Nettbibliotek (nb.no) 
Her finn du mellom anna norske digitaliserte aviser, bøker og tidsskrift. Det som ikkje ligg ope tilgjengeleg, kan du søke om tilgang til. Kravet er at bruken er knytta til forskings- eller dokumentasjonsformål. For å verifisere det, må du stadfeste bruken din når du opnar eit dokument.

Vitskapeleg tilsette: Får direkte tilgang ved å logge inn på Nasjonalbiblioteket si side med Feide. Du finn innlogging i menyen øvst til høgre.

Studentar: Får ikkje tilgang til lærebøker for høgare utdanning og profesjonsspesifikk faglitteratur utgitt dei siste 20 åra. Inndelinga er basert på forlaga sine bokgrupper for 2.1 og 2.2. Materialet det gjeld vil vere merka i Nettbiblioteket.
For å få tilgang til anna materiale (inkludert aviser):

  1. Logg inn på Nasjonalbiblioteket si side med Feide eller ID-porten. Du finn innlogging i menyen øvst til høgre.
  2. Klikk på "Send inn".
  3. Nasjonalbiblioteket behandler søknaden forløpande innanfor åpningstidene sine.
  4. Søkaren får ei stadfesting på e-post når tilgangen er gitt.

Om tilgangen (gjeld både tilsette og studentar)

  • Tilgangen gjeld i 8 timar og dekkjer de fleste pliktavleverte bøker, tidsskrifter og aviser i nettbiblioteket i éin søknad.
  • Ved inaktivitet går lånet ut etter 2 timar.
  • Når tilgangen til eit dokument er avslutta, må du vente 2 timar før same dokument kan opnast igjen.

Norart
Referansar til artiklar i norske og nordiske tidsskrift og årbøker innan alle fagområde, hovudsakeleg frå 1980-2020.
Erstattar Historisk bibliografi (Norhist) 1998-2020.

SCUP (Scandinavian University Press)
SCUP (tidlegare Idunn) er Scandinavian University Press si digital plattform for fag- og forskingstidsskrift og ope tilgjengelege (open access) forskingsbøker. Her kan du søke og lese i over 32 000 kvalitetssikra tidsskriftartiklar og bokkapittel innanfor ei rekkje fagområde. Nye artiklar, utgåver, tidsskrift og bøker blir løpande lagt til.

Stortingsforhandlinger 1814–2005
Stortingsforhandlingar for perioden 1814-2005 i fulltekst.