Er du student på Høgskulen i Volda og har lyst til å jobbe i biblioteket?
Vi har to ledige deltidsstillingar som studentvakt i biblioteket frå januar 2026.
Biblioteket er bemanna måndag−fredag av bibliotektilsette og studentvakter, og dei fire studentvaktene arbeider ettermiddag/kveld.
Arbeidsoppgåver:
Svare på spørsmål og rettleie lånarar, retur av og sette på plass bøker og anna materiale, rydde og halde orden i biblioteket, og andre oppgåver ved behov.
Opplæring blir gitt.
Vi søker studentar som:
* Har vore student minimum eitt år
* Er fleksible, serviceinnstilte, pålitelege og sjølvstendige
* Brukar biblioteket og tenestene våre
* Har svært gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Arbeidstid:
Éin fast dag i veka kl. 14.00–19.00 og kvar fjerde fredag kl. 14.00–17.00. Ekstravakter ved behov.
Løn etter faste satsar i Statens lønsregulativ, inkludert kveldstillegg.
Send skriftleg søknad med CV på e-post til studentvaktansvarleg Kirsti Langstøyl: kirsti.langstoyl@hivolda.no
Søknadsfrist: 14. november 2025