Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal

Barnehagekonferansen 2019 i Møre og Romsdal blir arrangert i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivå, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

Fagleg innhald

Ifølgje rammeplan for barnehagen er samfunnsmandatet å ivareta barna sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Leik, omsorg, læring og danning skal vi sjå i samanheng. Barnehagelæraren står i eit krysspress frå ulike kantar med motiv og ønskjer som ikkje alltid let seg foreine. Som barnehagelærar må ein difor flette trådar med omhu. Trådar i kryss, over og under kvarandre. Trådar mellom barn, barnehage, profesjon og  fagområder.

Barnehagen skal ha ei heilheitleg tilnærming til læring, men frå omverda kan det vere forventningar om heilheitleg læring. Det første viser til barnehagelæraren si tilnærming til barna sine læreprosessar, og den andre viser til barnet si læring. Barnehagen arbeider prosessorientert utan læringsutbyttebeskrivingar. Læring skjer i prosessar der omsorg, leik og danning er integrert i kvarandre gjennom heile dagen.

Barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, vi skal i kollektive læreprosessar innovativt skape ny praksis som fører til endringar.  Korleis skal barnehagelæraren i dette krysspresset ta vare på samfunnsmandatet i barnehagekvardagen?

Påmelding

I denne påmeldinga må du betale konferanseavgifta på kr. 1000,00 med kort eller VIPPS. Når påmeldinga er fullført, får du tilsendt ei kvittering til e-post adressa du oppgir i skjemaet. Sørg difor for at denne er korrekt. 

Program

Informasjon om bidragsytarane

Meir informasjon om konferansen

Presentasjon Jon Kaurel

 

Har du spørsmål vedkommande konferansen kan dei rettast til:

Elisabeth Welle: wellee@hivolda.no  70075450

Hanne Elin Harnes: harnesh@hivolda.no  70075439

 

Følg barnehagekonferansen på Facebook

Velkommen til Barnehagekonferansen 2019, KRYSSPRESS

Del på: