Aasentunet: Kva kan vi lære av ei boksamling?
Seminar i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024. Seminaret er gratis, men krev påmelding.
Etter fleire år med arbeid har boksamlingane etter Ivar Aasen og Olav H. Hauge opna seg gradvis for både forskarar og publikum, med påfølgjande spørsmål: Kva kan vi lære av ei boksamling? Korleis nærmar ein seg ei boksamling sine forteljingar?
Nynorsk kultursentrum ønskjer å skape ein møteplass for kunnskapsutveksling rundt arbeid med boksamlingar skapt av enkeltpersonar eller organisasjonar. Dette er bakgrunnen for seminaret «Boksamlingas forteljingar: Kva kan vi lære av ei boksamling?» i Aasentunet i Ørsta 17.–18. oktober 2024.
Innlegga på seminaret vil mellom anna belyse og drøfte desse spørsmåla og temaa:
- Korleis kan ein forske på ei boksamling?
- Kva kan boksamlinga fortelje oss om eigaren eller om samfunnet eigaren levde i?
- Kva kan ulike fagpersonar, som språkforskarar, litteraturvitarar, historikarar og muselogar, lære når dei studerer ei boksamling?
- Marginalia: Spor etter lesnad og eigarskap i boksamlingar
- Boksamlinga sin funksjon i utstilling, museum, arkiv og diktarheim
Seminaret passar både for deg som har arbeidd mykje med boksamlingar, og deg som har boksamlingar som ikkje har vore arbeidd like mykje med. Det passar òg for deg som er nyfiken på alle løyndomane og innsiktene ein kan finne mellom to eller fleire permar i ulike boksamlingar.
Seminaret er gratis, og inkluderer lunsj begge dagane. Du må sjølv bestille overnatting. Aasentunet ligg midt mellom Volda sentrum og Ørsta sentrum, med 5 km til begge sentrum. Både Ørsta og Volda sentrum har fleire overnattingsstader å by på, til dømes Hotel Ivar Aasen.
Teksten ovanfor er opphavleg publisert på nynorsk.no.
Les meir og meld deg på her (nynorsk.no).