Aasentunet-fagdag: Sverre Fehn og museumsarkitektur

Aasentunet markerer at det er 100 år sidan Aasentunet-arkitekten Sverre Fehn vart fødd, med ein fagdag om arkitekturen hans. Det vert innlegg frå arkitekt og professor Per Olaf Fjeld, som har skrive fleire bøker om Fehn. Arkitekt Henrik Hille, som arbeidde med Fehn under bygginga av Aasentunet, vil fortelje om dette. I tillegg vert det panelsamtale med tilsette frå fleire museum som Fehn har teikna.

Arkitekt og professor Per Olaf Fjeld.

Arkitekt og professor Per Olaf Fjeld har skreve fleire bøker om Sverre Fehn.

Program
09.00–09:30: Kaffi og noko å bite i

09.30–09.45: Velkommen ved konservator Anne Natvig

09:45–10.45: Per Olaf Fjeld  
Sverre Fehn – Arkitektur: Eit bindeledd mellom natur, menneske og kultur

11.00–12.00: Henrik Hille 
Samarbeidet med Sverre Fehn om bygginga av Aasentunet.

12.00–13.30: Lunsj og omvising

13.30–14.00:  Arkitekt og lydartist Gisle Nataas spelar lydopptak frå Fehn sine bygg

14.00–15.00: Korleis fungerer bygga til Fehn som museum og arbeidsplass? Panelsamtale med:

  • Per Øyvind Riise, Storhamarlåven
  • Gaute Øvereng, Aasentunet
  • Gitte Langlo, leiar i Møre og Romsdal Arkitektforeining
  • Samtaleleiar: Perann Sylvia Stokke, Arkitekturhistoriker, fagrådgiver i Norske arkitekters landsforbund

15.00–15.30: Avslutning og film frå Fehn si tale ved opninga av Aasentunet

Billett kan kjøpast her (200/50 kr for inngang med/utan lunsj): https://nynorsk.no/aasentunet/arrangement-aasentunet/sverre-fehn-og-museumsarkitektur/

Del på: