Idrett og kroppsøving - årsstudium
Årsstudium i idrett og kroppsøving tilsvarar fyrste året i bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda. Det kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på å auke kompetansen i idrett og kroppsøving som kan nyttast innanfor idrett, frivillige organisasjonar og i den kommersielle treningsbransjen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap knytt til trenar- og kroppsøvingslærarrolla
- har innsikt i idrettshistorie, idrettssosiologi, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper knytt til kroppsøving og idrett
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelser
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
Kandidaten
- kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
- har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
- kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- presenterer problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg, digitalt og gjennom andre uttrykksformer
- reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- formidlar og drøftar sentralt fagstoff
- har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Course | 2024 Autumn | 2025 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.
Studiet har praksis, og det skal leverast politiattest.
Studentar på årsstudium idrett skal gjennomføre praksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis.
Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr pr. semester som skal dekke bruk og slitasje på fellesutstyr.