See list of study plans starting on:

Kulturmøte - master

Program of study: 
Cultural Encounters - master
Level of study: 
Master
Credits: 
120
Duration: 
4 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
10
Type of study: 
Master
Study mode
Full-time
Admission and rating
  • Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag, og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre.

About

Studiet skal medverke til å utvikle kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auke den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse i eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum), kyrkja og kultursektoren elles.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
  • avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
  • spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • finne fram i og vurdere kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
  • analysere eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytte dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
  • planleggje, avgrense og utforme eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • nytte kunnskapane på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
  • planleggje og gjennomføre nye FoU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Content structure

Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Studiet har obligatorisk frammøte for samlingane på begge dei obligatoriske emna i første studieår.

Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Kulturmøte - master
Professional training

Ingen praksis.

Ansvarleg
Knut-Willy Sæther