Norsk fordjupingsstudium - nettstudium (vår)
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan utgjere fordjupingskomponenten i ein bachelorgrad eller inngå i ei lærarutdanning. Det kan også nyttast som grunnlag for eit masterstudium i nordisk. Med sin særeigne kulturprofil høver studiet godt som kvalifisering for masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Studiet gir undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule og kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur. Dei som tek faglærarutdanning må i tillegg ta praktisk-pedagogisk utdanning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten
- ha solide kunnskapar innanfor eit avgrensa språkleg og litterært felt
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten
- kunne formulere relevante problemstillingar med grunnlag i relevant teori og særdrag ved studieobjektet
- ha utvikla gode analyseferdigheiter i samsvar med metodiske krav
Etter gjennomført fordjupingsstudium skal studenten kunne utforme analyseresultata sjølvstendig og reflekterande i ein tekst som tilfredsstiller krava til ei vitskapleg framstilling
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:
- eit språkleg og eit litterært emne
- to språklege emne
- to litterære emne
- eit emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret
Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Den individuelle oppgåva svarar til ei bacheloroppgåve. Den kan også takast i tillegg til dei andre variantane. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne per semester.
Studenten må ha fullført undervisningsemnet før han/ho kan få opptak på oppgåveemnet.
Undervisninga i forjupingsstudiet blir gitt gjennom individuell oppgåverettleiing og ei samling over to dagar (gjeld ikkje oppgåveemna).
Studenten vel sjølv målform på oppgåvene.
Course | 2019 Spring | 2019 Autumn |
---|---|---|
Valemne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ein rår til at studentar som vurderer å søkje, har C eller betre i gjennomsnittskarakter frå årsstudiet i den disiplinen ein vel å fordjupe seg i.
Det er ikkje knytt praksis til emna.