Semesters

MGL5-10SA1B Samfunnsfag 1B: Samfunnsutvikling og berekraft

Course code: 
MGL5-10SA1B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Utgangspunkt for emnet er kjerneelementet «Berekraftige samfunn» i læreplanen for samfunnsfag i Kunnskapsløftet 2020. Undervisninga i grunnskulen skal gi elevane innsikt i dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og samanhengen mellom desse. Emnet tar for seg berekraft og samfunnsutvikling frå ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, i fortid, notid og framtid. Undervisningstema i emnet vert knytt til omgrepa utvikling, berekraft og resursar. I fagdidaktikken vil berekraftdidaktikk, kritisk omgrepsbruk og utvikling av undervisningsressursar ved bruk av digitale verktøy vere sentralt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om

  • sentrale didaktiske tema knytte til berekraftig utvikling  
  • samfunnsutvikling med vekt på 1800-talet 
  • ressursar, klima og demografi 
  • økonomisk globalisering   
  • didaktisk bruk av utvalde digitale uttrykksformer i samfunnsfag
  • vurderingspraksis i samfunnsfag
  • undervisning om verdiar i samfunnsfag
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • bruke ulike perspektiv på berekraftig utvikling frå det globale til det lokale, i fortid, notid og framtid   
  • bruke ei analytisk tilnærming til korleis geografiske, historiske og notidige forhold set vilkår for korleis menneske dekker behov, og fordeler ressursar   
  • arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag relatert til samfunnsutvikling og berekraft.   
  • utvikle undervisningsresursar ved hjelp av digitale verktøy og kjelder, og vurdere den didaktiske relevansen 
  • bruke årsak-verknad og brot-kontinuitet som analytiske verktøy i arbeidet med historiske tema   
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og eigen praksis i eit berekraftperspektiv 

Working and learning activities

Læringsutbytte blir varetatt gjennom studentaktive undervisnings- og vurderingsformer, som legg vekt på fagleg refleksjon. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav:

Det er tre  arbeidskrav i emnet, alle er individuelle, og alle må vere leverte til rettleiing og godkjende for å kunne gå opp til eksamen.  

Rammene for arbeidskrava blir klare ved semesterstart. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Tre arbeidskrav skal leverast i ei eksamensmappe saman med ein mappetekst. Eitt arbeidskrav vert trekt ut og vurdert saman med mappeteksten.
Approval signature: 
Randi Bergem 27.02.2023