Semesters

IKF105 Ernæring og fysisk aktivitet

Course code: 
IKF105
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og i arbeid for å fremje folkehelse. I dette emnet får du ei innføring i ernæring knytt til fysisk aktivitet, prestasjon, helse og trivsel. Kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet gir viktig og relevant kompetanse innan fleire ulike yrkesretningar, og er særleg relevant for:

  • Dei som ynskjer ein introduksjon til ernæring og fysisk aktivitet før vidare studier
  • Fagpersonar i ulike yrkesretningar der ernæring og fysisk aktivitet er relevant, som til dømes innan skulesektor, helse- og omsorg, eller andre yrker innan folkehelse, som Frisklivssentralen 
  • Dei som ynskjer meir kunnskap om mat og fysisk aktivitet

Innhald

Emnet gir ei grunnleggande innføring innan ernæringslære relatert til fysisk aktivitet. Du vil lære kva kosthald som fremjar prestasjon, restitusjon og generelt god helse. Gjennom studiet vil det vere særleg fokus på følgande tema:

  • Samanheng mellom ernæring, trening, helse og prestasjon.
  • Energiomsetning og energiforbruk under fysisk aktivitet.
  • Nærings- og væskebehov ved fysisk aktivitet.
  • Væske- og elektrolyttbalansen.
  • Kosttilskot.
  • Ernæring, trening og immunsystemet.
  • Ernæringsmessige utfordringar innan idrett.
  • Ernæring, fysisk aktivitet og spesielle behov.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

har brei kunnskap om sentrale tema innan idrettsernæring:

  • kan gjere greie for bakgrunn og innhald i dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet
  • kan gjere greie for omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff ved fysisk aktivitet
  • kan gjere greie for væske- og elektrolyttbalansen, og anbefalingar for væske ved fysisk aktivitet
  • kan gjere greie for bruk av kosttilskot innan idrettsernæring
  • kan gjere greie for samanhengen mellom ernæring, trening og immunsystemet
  • kan gjere greie for utfordringar og ulike kosttrendar innan idrettsernæring
  • kan gjere greie for ernæringsbehov til ulike grupper innan idrettsernæring
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan innhente informasjon om ernæring og fysisk aktivitet på ein systematisk måte
  • kan gjere berekningar for nærings- og væskebehov ved fysisk aktivitet
  • kan setje saman eit kosthald som fremjar prestasjon, yteevne og restitusjon
  • kan vurdere behov for kosttilskot ved trening og fysisk aktivitet
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan formidle og drøfte sentralt fagstoff innan idrettsernæring
  • kan reflektere over vanlege problemstillingar innan fagfeltet
  • kan sjølvstendig analysere og vurdere kosthald i eit prestasjonsfremjande perspektiv
Working and learning activities

Emnet er eit nettstudium og blir gjennomført på digital læringsplattform. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul. Det er derfor ingen faste eller obligatoriske samlingspunkt og er såleis eit fleksibelt studieprogram som passar godt for dei som ynskjer å kombinere jobb og studiar. Studiet er organisert i modular, med individuelle arbeidskrav. Modulane må vere godkjende innan gitte tidsfristar før ein kan gå vidare til neste modul.  

Assessment requirements

Individuelle arbeidskrav skal gjennomførast og godkjennast før studenten kan framstille seg til eksamen. Utfyllande informasjon vedrørande arbeidskrav blir gitt ved studiestart. 

Ingen krav til obligatorisk frammøte.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
200
Person in charge: 
Magnhild Håskjold
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
24 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
2500 ord
Approval signature: 
Unni Hagen