Speler Minecraft-teater til strålande kritikkar

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

HVO-lektor Raymond reiser land og strand rundt som «gamemaster» med Riksteatret i vår. Kvar spelestad er lokale barn med som «skodegamarar» og skaper ei unik teateroppleving.

– Akkurat no har vi framsyning på ein ny stad kvar kveld, fortel høgskulelektor Raymond Corrado Knutsen ved Institutt for teater på Høgskulen i Volda (HVO) over ei skurrande telefonlinje på turnévegen.

Oppsetjinga Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr hadde turnépremiere i Molde 23. februar og snirklar seg land og strand rundt heile våren. Tysdag 5. mars ventar den nærmaste «heimebanen» i Ørsta.

– Teaterstudentane våre kjem og ser på og skal møte oss etter framsyninga. Eg håpar stykket kan vere med og motivere dei til å utforske teater på nye måtar, seier Raymond, som har permisjon frå HVO i vår for å spele Minecraft med Riksteatret.

For uinnvigde: Minecraft er eit av verdas mest populære dataspel, der millionar av menneske byggjer og opplever eventyrlege univers med digitale kubar.

Minecraft-teater
Skodegamarane i aksjon med Minecraft-kubane på skjermen. Foto: Teatret Vårt.

Imponerer teaterkritikarane

I stykket møter vi tolvåringen Vegard, som har det vanskeleg heime. Ein dag treffer han Marah og speler Minecraft med henne. Dette blir byrjinga på ei actionfylt historie der spel og røynd smeltar saman gjennom ei blanding av teater og live-speling av Minecraft.

Kritikarane har rost produksjonen for å snakke om kjensler på barna sine eigne premissar (periskop.no) og har kalla det vårens sterkaste og mest spennande teatereventyr (nrk.no).

– Det har vore kjempegøy, for det verkar som om folk har fått tak i det vi prøver å få til med ei framsyning inni ei framsyning, og det at vi bruker barna sin eigen teknologi.

Sjølv har Raymond spelt Minecraft i ti år, medan regissørane har nytta store mengder tid i spelet for å kunne bruke det truverdig i teaterstykket.

– Det går på alt frå måten ungane snakkar til kvarandre på, til korleis vi beveger oss inne i spelet, forklarer Raymond.

Det mørke fortet. Riksteatret.
Marah (Albertine Lundgren) og Vegard (Arjan Nilsen) frå framsyninga. Pressefoto: Maja Moan. Riksteatret.

Tende på ideen med éin gong

HVO-læraren var raskt med på notane då regissør Frode Gjerløw presenterte ideen om Minecraft-stykket for eit utval i teaterbransjen.

– Idet Frode hadde snakka ferdig, stod eg oppreist og sa: Eg bryr meg ikkje om kva rolle det blir, men eg vere med på dette her, ler Raymond.

Kva gjorde at du tende slik på ideen?

– Det var ei solid og ektefølt historie med Minecraft som eit styrkande verkemiddel, og det berre fungerte.

Nybrotsarbeidet har vore utfordrande å førebu.

– Frode har måtta lære seg å regissere folk inne i Minecraft, og eg har måtta lære meg å kontrollere heile Minecraft-universet. Undervegs har det slått oss at ingen truleg har gjort akkurat dette før, og då kjem den skrekkblanda fryden: Dette er nytt, men vil folk like det?

I videoen nedanfor kan du sjå korleis Raymond jobbar som gamemaster:

Barna er klare for scena på to timar

Inne i spelet under framsyningane jobbar Raymond med «skodegamarar»: Minecraft-interesserte barn som er rekrutterte lokalt på kvar spelestad for å gi liv til den digitale delen av stykket.

– Dette er det mest imponerande: Vi møtest klokka fire, og knapt to timar seinare er dei klare til dyst når framsyninga startar.

Nøkkelen har vore å bruke nettopp gaming-interessa som innfallsvinkel, heller enn å køyre eit meir tradisjonelt løp med teatercamp, fortel Raymond.

–  Vi legg det opp som eit datatreff. Vi et pizza og snakkar gjennom kva vi skal gjere i Minecraft i framsyninga, og bruker spelespråket – «no skal vi inn i labyrinten og krige, så ta med deg berre det du ville hatt med på eit raid» – og dei skjønar det med éin gong.

Gamemaster Raymond samanliknar samarbeidet med eit orkester.

– Undervegs i framsyninga sit eg og kviskrar kommandoar og tildeler oppgåver som dei fiksar, i tillegg til at dei har kvar sine ting å byggje og fikse innimellom, og dei berre meistrar det, rosar «dirigenten».

Minecraft-teater
På knappe to timar er skodegamarane klare for scena. Foto: Teatret Vårt.

Svevar på ei sky etterpå

Når framsyningane er ferdige, bankar det nok litt ekstra i spelehjartet til både gamemaster Raymond og dei unge skodegamarane.

– Det er så gøy å sjå dei liksom sveve ut på ei sky når dei er ferdige. Barna har fått gjort det dei kan og likar best, og i staden for å få den vanlege skjermtid-peikefingeren får dei stå fremst på scena og ta imot applaus som stjerner – og det er utruleg fint, fortel Raymond.

Den spesielle sceneopplevinga som barna får vere med på, kan nok også gi meirsmak på teater.

– Eg trur eit par av dei vil kome tilbake til teateret etter å ha fått opplevd denne framsyninga frå baksida.

For publikum trur Raymond at ei varm historie for heile familien kombinert med barna sitt eige medium også vil opne fleire auge for kva teater kan vere.

– Ofte er det nok foreldra som snakkar mest etter ei teaterframsyning, men her ser vi kveld etter kveld at det er ungane som tek ordet: Dei spør om foreldra la merke til detaljane, og forklarer det som skjedde i stykket – for her kan barna vise si verd til dei vaksne, avsluttar ein nøgd gamemaster.

Del på