Stabil god søking til mediefaga

Tekst: Per Straume

Mediefaga ved Høgskulen i Volda held fram med å vere populære, også i år opplever dei mange søkarar gjennom Samordna opptak.

Søkartala frå Samordna opptak blei offentleggjort fredag. Dei viser at bachelorgradsprogramma i mediefag står seg godt, og at det blir konkurranse om plassane der.

Journalistikk er studiet som opplev flest søkarar ved Høgskulen i Volda (HVO) også i 2024 – 137 har det på førsteplass, som gjer at det er og to og ein halv søkar til kvar av dei 55 studieplassane.

Til den internasjonalt kjende animasjonsutdanninga er det 44 søkarar til 15 studieplassar, bacheloren i medieproduksjon har 65 søkarar til 30 studieplassar, medan PR, kommunikasjon og media har fått 45 søkarar til sine 30 studieplassar.

– Mediefaga står seg godt og er populære. Det viser at vi held fram med å ha medieutdanningar som er attraktive og relevante i samfunnet. Sjølv om dei har ein liten nedgang i år, er dei stabile over tid, og det er vi glade for, seier Odd Helge Mjellem Tonheim, rektor ved HVO.

Opp og ned

Dei estetiske faga ved HVO har også stabile søkartal. Fleire ønsker å begynne på bachelorgradsprogrammet i musikk enn i fjor, det same med design, kunst og handverk, medan like mange vil studere teater og drama.

Etter at bachelorgradsprogrammet i religion og kultur blei nettbasert i fjor, opplever studiet nesten ei dobling i talet søkarar målt mot 2023.

Årsstudium i friluftsliv viser seg igjen å vere eit populært studium blant søkarane. 72 søkarar har det på førsteplass, som betyr at det er nesten fem søkarar til kvar studieplass.

Søkartala totalt sett i Samordna opptak for HVO viser likevel ein nedgang på 17,8 prosent. I fjor hadde 1092 søkarar HVO på førsteplass, medan talet for 2024 er 898.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim

– Vi tek tala på største alvor. Det er for tidleg til å kunne peike på spesifikke grunnar til nedgangen enno, men dette skal vi gå grundig igjennom. Det vi i alle fall er sikre på, er at vi skal tilby gode utdanningar til dei som kjem til Volda, slår rektor Tonheim fast.

Lys i lærarmørket

Nasjonalt opplev lærarutdanningane framleis lågare søkartal enn tidlegare, ein trend også HVO er ein del av.

– Vi er bekymra for lærarutdanningane. Her må det eit felles løft til i heile landet, dette må løysast på nasjonalt nivå, meiner Tonheim.

Men det finst eit lys i lærarmørket. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), ei eittårig lærarutdanning som bygger på tidlegare utdanning, har oppgang i talet på søkarar målt mot i fjor og året før ved HVO. 281 søkte seg til studiet i 2022, i fjor var talet 327, medan i år er det 344 søkarar, alle tal per 16. april.

– PPU-tala er positive, og ekstra viktig for framtidas skule når ein ser utviklinga i søkinga til grunnskulelærarutdanninga, kommenterer Tonheim.

Solid oppgang i lokalt opptak

PPU er ein del av det lokale opptaket ved Høgskulen i Volda. Det er eit opptak der søknadar til alle mastergradprogramma, samt alle etter- og vidare utdanningstilboda til høgskulen blir behandla. Det lokale opptaket er ikkje knytt til Samordna opptak på nokon måte.

Det lokale opptaket er der majoriteten av HVO-studentane kjem frå. Per 16. april hadde det lokale opptaket 2613 søkarar med ei HVO-utdanning på førsteplass. Det er ein oppgang på ni prosent frå 2023.

Master i spesialpedagogikk, både på heil- og deltid har ei god auke, med høvesvis 14 og 32 prosent. Masteren i skriftkulturarar blir meir nettbasert frå hausten av, og har i år meir enn dobla søkartalet målt mot fjoråret.

– Det er gledeleg å sjå ein slik auke i det lokale opptaket. Det viser at desse utdanningane er relevante og fyller eit behov i samfunnet, seier Tonheim.

Del på