See list of study plans starting on:

Manusutvikling og stemmeskodespel

Program of study: 
Voice acting and scriptwriting
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
1 semester
Year: 
2020
Number of students: 
5
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Admission and rating

60stp i teater og drama, med minimum 30stp i skodespelarteknikk.

About

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater? 
Studiet er retta mot deg som vil arbeide med manusutvikling og stemmeskodespel. 

Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar, skriveteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kunstnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. KHiO, Lydbokforlaget, Nordubb og NRK).

I studiet skal de jobbe med m.a:

  • Stemmebruk
  • Mikrofonteknikk
  • Lydbok
  • Manusutvikling
  • Dubbing av film og voiceover
  • Radioteater
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om utvalde verkty og teknikkar innan manusutvikling.
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Learning outcome skills

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde teknikkar for stemmeskodespel og manusutvikling.
  • kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Learning outcome qualification

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
Content structure

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er samansett av:

  • seminar og workshops 
  • produksjonar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • studioarbeid
  • nettførelesingar og webinar

Undervisinga i TOD105 vil vere på engelsk.

b) Progresjon

Vidareutdanning haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD105 - Scriptwriting + TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater

Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist. 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og skal vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Manusarbeid og analysar
  • Lydfiler
Manusutvikling og stemmeskodespel (Vidareutdanning)
Navn: 
Manusutvikling og stemmeskodespel (Vidareutdanning)
Informasjon

Begge emner i denne studiemodellen er obligatoriske, og undervisningen er organisert samlingsbasert med samlinger i Volda og Oslo.

Requirements

Ved teaterstudia i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid. 

Studentane skal:

  • ha eigen bærbar PC.
Internationalisation

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet

b) Emnet TOD105 - Script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.

c) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater inneheld samlingar i Volda og i Oslo. 

Expenses
  • Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane. Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.

 

Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
preus