See list of study plans starting on:

Historie bachelorgrad, nettstudium

Program of study: 
History - bachelor (net-based)
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
50
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.

Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand. ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål innanfor historisk forsking
  • vere i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
  • ha brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
  • ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • ha kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
  • granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar 
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • ha medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kunne arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • ha evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
  • kunne handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kunne demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kunne dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Content structure

Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna..

Dei resterande 75 studiepoenga  kan takast fritt frå emner i samfunnsvitskap og humaniora. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået. Emner frå andre fagfelt kan også veljast inn om dei er relevante for ei historieutdanning.

Studiemodellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak om hausten, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.

Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:

  • Grunnemna HI100N, HI111N, HI112N og HI113N
  • To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (200-nivå)
  • Bacheloroppgåve (HI210).

Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:

To valfrie fordjupingsemne kan veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.

Krav til rekkjefølgje

Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) skal vere knytt til eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.

Det er høve til å ta studiet på deltid etter avtale.

Bachelor i historie, nettstudium
Navn: 
Bachelor i historie, nettstudium
Course2020 Autumn2021 Spring2021 Autumn2022 Spring2022 Autumn2023 Spring
Obligatoriske emne
30301515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester.
 
1515
Fordjupingsemne (30 studiepoeng)
30301515
Studenten må velje to av fordjupingsemna under i løpet av semester 3, 4, 5 eller 6. Ein tek attehald om tilstrekkeleg påmelding og endringar:
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Valemne (tilsaman 75 studiepoeng)
Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk og eitt ekstra fordjupingsemne i historie.
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis.
Requirements

Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev stort rom for fleksibilitet og krev at du kan planlegge di eiga tid. Det er samstundes viktig at du ikkje prøver å gape over for mykje på ein gong. Dessutan er det viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Internationalisation

Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.

Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ola Teige, telf 70075499, e-post ola.teige@hivolda.no