Kulturmøte (deltid)
Studiet skal medverka til å utvikla kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auka den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren, kyrkja og kultursektoren elles.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
- har avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
- har spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Kandidaten
- kan finna fram i og vurdera kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
- kan analysera eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytta dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
- kan planleggja, avgrensa og utforma eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Kandidaten
- kan vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
- kan nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
- har faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
- kan planleggja og gjennomføra nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det eine kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet:
Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka om hausten første studieår (vanlegvis i veke 36).
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Course | 2016 A | 2017 S | 2017 A | 2018 S | 2018 A | 2019 S | 2019 A | 2020 S |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. OG 2. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Min. 30 stp. valemne: | 15 | 15 | ||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
3. OG 4. STUDIEÅR | ||||||||
15 | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Ingen praksis.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.