See list of study plans starting on:

Historie 4x15 stp, nettstudium (deltid)

Program of study: 
History - yearcourse (netbased, part time)
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
4 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
50
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Learning outcome skills

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Content structure

Studiet er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Studentar som vel eit fordjupingsemne som sitt siste emne, skal ha fullført minst 2 av dei obligatoriske grunnemna før oppstart. Det er opptak til studiet både haust og vår. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium, sjå anna studieplan. Deltidsstudenten gjennomfører eit emne pr. semester. 

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eige e-læringsverktøy (Fronter). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk i Fronter på nettet.

Historie 4 x 15 stp nettstudium, deltid, studiestart haust
Navn: 
Historie 4 x 15 stp nettstudium, deltid, studiestart haust
Course2016 A2017 S2017 A2018 S
Studenten vel eitt grunnemne i kvart av dei to første semestra,
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
Studenten vel eitt grunnemne og eitt fordjupingsemne i dei to siste semestra
 
15
 
15
 
15
 
15
Historie 4 x 15 stp nettstudium, deltid, studiestart vår
Navn: 
Historie 4 x 15 stp nettstudium, deltid, studiestart vår
Anna
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Harald Endre Tafjord, tlf 70075074, e-post haraldt@hivolda.no