Semesters

REL151 Religion og livssyn I: innføring

Course code: 
REL151
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Autumn
Assessment semester: 
2026 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Religiøse og livssynsmessige overtydingar har betydning for korleis menneske tenkjer og handlar. I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er derfor kunnskap om religionar og livssyn viktig. Men kva er religion og korleis uttrykkjer menneske religiøsiteten sin? I dette emnet drøftar ein desse spørsmåla. Emnet gjev grunnleggande kunnskap om kristendom, islam, jødedom, hinduisme, buddhisme, sikhisme, samisk religion, nyreligiøsitet og sekulære livssyn. Vi ser både på historisk utvikling og på korleis religionane og livssyna vert tolka og praktiserte i dag. Vidare tek emnet føre seg hovudlinjer i etikk og filosofi og kristen tru og historie.

Innsikt i dette fagfeltet er relevant og nyttig i mange samanhengar. Særleg aktuelt kan det vere for arbeid i helse- og sosialsektoren, i media, i kultursektoren og i skuleverket. Saman med REL152 Religion og livssyn II: tekst og tolking dekkjer emnet fagområdet for KRLE i grunnskulen. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 

 

  • om ulike religionar og livssyn i historisk og aktuelt perspektiv
  • om kristendommens historie og truslære
  • om mangfald, ulike retningar og uttrykksmåtar i religionar og livssyn
  • har kjennskap til ulike teoretiske forståingar av religions- og livssynsomgrepet
  • om praksisar i religionar og livssyn, og korleis læring inn i slike praksisar skjer
  • om etiske problemstillingar og modellar
  • om sentrale filosofiske spørsmål og nokre utvalde filosofar
Learning outcome skills
  • kan anvende religionsfaglege kunnskapar og forskingsresultat 
  • kan finne og vurdere informasjon og fagstoff om religionar og livssyn 
  • kan skrive religionsfaglege tekster med reflektert kjeldebruk 
  • kan formidle religions- og livssynskunnskap reflektert og sakleg 
  • kan nytte relevante digitale verktøy
Learning outcome qualification
  • har innsikt i relevante religionsfaglege og yrkesetiske problemstillingar
  • har evne til å nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk 
  • kan diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 
Working and learning activities

Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar digitale læringsplattformar i tillegg til samlingane.

Assessment requirements

Frammøtekrav: Det er krav om 75% frammøte til undervisninga; jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6

Arbeidskrav: 

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent dei kunngjorte arbeidskrava i emnet.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ralph Meier
Used in other programs
  • Christianity, Religion and World Views - Year Course
  • History - bachelor
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Assignment
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Alle
2500 ord (+/- 10%)
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Arne Myklebust