Semesters
PPUD-DID1ME Didaktikk 1 Mediefag
Ingen.
Emnet har fokus på medielærarrolla og på mediefag i skulen. Studenten skal utvikle kunnskap om innhald i skulefaget før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
Mediefaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som medielærar
Mediefaget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
- Undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten kan:
- Analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til mediefaget sin plass i skulen
- Planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i mediefaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- Leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Kandidaten kan:
Vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- Orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk) og i grupper i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Krav om eigen datamaskin:
Du må ha eigen berbar datamaskin (Pc / Mac) med eit oppdatert operativsystem og administrative rettar(https://lovdata.no/dokument/LTI/forskrift/2016-06-27-821).
Datamaskinen bør kunne importere, bearbeide og lagre lyd, bilete og videoklipp (i minimum full HD - 1920x1080p).
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 og Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Studentar i primærfag har følgjande arbeidskrav i tillegg til 80% frammøte:
Del A) Eitt arbeid om mediefagdidaktiske problemstillingar for undervisningsplanlegging
Del B) Eitt arbeid om mediefagdidaktisk praksisrefleksjon i faglærarrolla
Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav:
Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget.
For å kunne ta eksamen i emnet må obligatorisk frammøte og arbeidskrav i pedagogikk 1 og didaktikk 1 vere godkjend.
Praksis 1 må vere påbyrja.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Professional Teacher Qualification
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Tverrfagleg eksamen for didaktikk og pedagogikk. Det blir gitt to separate karakterar, ein for kvart emne. |