Semesters
PPU-DID2FR Didaktikk 2 Framandspråk
Gjennomført obligatoriske undervisnings- og læringsaktivitetar i didaktikkemne 1.
Emnet omfattar arbeid med å analysere elevar si læring i engelskfaget og framandspråkfaga og tilpasse undervisninga for ulike elevgrupper. Korleis ein kan vidareutvikle ferdigheiter i faget, korleis faget kan inngå i tverrfagleg undervisning, og evne til kontinuerleg utvikling av lærarrolla i faget, står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- Kunnskap om barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur, i språkfaga
- Brei kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar og tilpassa opplæring i språkfaga
- Kunnskap om fagleg danning og utdanning i eit samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfald, likestilling og likeverd
Studenten kan:
Bruke varierte metodar i undervisninga, differensiere og tilpasse opplæringa i engelskfaget og framandspråkfaga slik at den tek omsyn til mangfald i elevgruppa og elevens evne til kritisk tenking
Legge til rette for tverrfagleg samarbeid og læringsarbeid med andre fagområde
Kritisk vurdere og utvikle læringsressursar, inkludert digitale, som er sentrale for språkfaga
Gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar
Kandidaten kan:
Ta ansvar for faglege samarbeid med relevante aktørar aktuelle for skuleverket og forskingsbaserte utviklingsarbeid som fremjer fagleg nyskaping i opplæringa.
Formidle fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå, og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Ein del av læringsaktivitetane vert gitt digitalt. Studenten vil få arbeidskrav tilpassa sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Bestått emne 1 i didaktikk og pedagogikk. Godkjent oppmøte og arbeidskrav i didaktikk 2. Gjennomført og godkjent praksis 1 og 2 innan 1. mai.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Studentar leverer arbeidskrav i primærfaget i tillegg til 80% frammøte. Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav: Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Professional Teacher Qualification
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |