Semesters

NO113S Tekst og struktur

Course code: 
NO113S
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Autumn
Assessment semester: 
2026 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt:

TP1: Lyrikk

TP2: Epikk

TP3: Dramatikk

Tekst og struktur er eit basisemne som bør takast som første litteraturemne i årsstudiet. Emnet kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten har grunnleggande kunnskap om

  • sentrale kjennteikn ved ein litterær tekst
  • dei litterære hovudsjangrane
Learning outcome skills

Studenten

  • er kjend med sentrale metodiske omgrep og kan bruke desse i praktisk tekstanalyse
  • kan utforme analysar i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og øvingsoppgåver på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar på campus i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag. I tillegg kjem ei digital eksamensførebuande samling på éin dag.

Assessment requirements

Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.

På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla til eksamen.

Det er krav om oppmøte til minst to av dei tre samlingane på campus. Dersom ein ikkje kan møte på ei samling, må ein levere eit arbeidskrav i tillegg til dei andre obligatoriske arbeidskrava. Arbeidskravet skal godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Anemari Neple
Used in other programs
  • History - bachelor
  • Language and Literature - bachelor
  • Norwegian (Nordic) Foundation Course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
 Kortsvarsprøve. Skrivast på nynorsk.
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
2/3
Mappevurdering. Svaret skal skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått.
Approval signature: 
Arne Myklebust