Semesters
MUS145 Lyddesign
Det er ikkje krav om beståtte emner for å ta dette emnet.
Emnet gir ei praktisk og teoretisk innføring i grunnlegande arbeid med lyd til bruk innan ulike mediar som musikk, spel, film, podcast, lyd- og mediekunst. Emnet gir studenten grunnleggande kunnskapar om mikrofonteknikk, studioteknikk/DAW, fleirsporsopptak og digital bearbeiding av lyd. Gjennom forelesingar, workshops, praktisk og tverrfagleg arbeid vil studenten få innblikk i og kunnskap om fagets funksjon, metodar og arbeidsmåtar, dei kunstnarlege og estetiske dimensjonane av faget samt historiske perspektiv. Kunnskapar om bruk av, opptak og bearbeiding av lyd er relevante for å kunne arbeide med lyd i skule, kulturskule, eige skapande verksemd og dannar grunnlag for vidare studiar og arbeid innan områder som lydkunst, studioproduksjon og mediaproduksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgende læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- kjenner til sentrale omgrep innan lyd og studioarbeid, og lyd som fysisk fenomen
- kjenner til fagområdets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- kjenner til grunnleggande eigenskapar av ulike mikrofonar og opptaksutstyr, deira bruksområde og grunnleggande opptaksteknikkar
- har kunnskap om grunnleggande funksjonar for redigering, miksing og bearbeiding av lyd
- har innsikt i bruk av lyd som kunstnarleg verkemiddel og som berar av meiningsinnhald utover det musikalske og lydlege utrykket.
Studenten:
- kan planlegge og gjennomføre enkle lydopptak og grunngi faglege val, både i studio og ute i felt
- kan anvende fagleg kunnskap, praktisk og teoretisk, i redigering og miksing av lydopptak
- kan skape forteljande og underbyggande uttrykk med hjelp av lyd
- presentere og reflektere over eige og andre sitt arbeid
Studenten:
- har evne til tverrfagleg samarbeid, og kan kommunisere og samarbeide med studentar frå ulike fagfelt i kreative prosjekt
- har forståing for etiske og opphavsrettslige problemstillingar, lisensiering og utfordringar og moglegheiter knytt til bruk av KI
- har forståing for ulike roller innan for fagfeltet og karrieremoglegheiter innan lydproduksjon og -design
Organiseringa vekslar mellom forelesingar, verkstadarbeid, prosjektarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Intern praksis ved Høgskulen i Volda inngår i emnet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar til ei arbeidsmappe.
- Ein individuell studioproduksjon med prosessdokument á 500 ord
- ein audiovisuell produksjon i grupper, individuell refleksjonsnotat á 500 ord
- Eit individuelt fordjupingsprosjekt innan valfritt medium inkl. prosessdokument á 2000 ord
Alle arbeid skal produserast på, og blir vurdert i forhold til, Institutt for musikk sin utstyrspark. Les meir om arbeidskrav i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei av oppgåvene i mappa blir trekt til vurdering | |||
Adjusting oral examination | Individual | 15 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100% | Ein munnleg presentasjon |