Semesters

MGL5-10DKL Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon

Course code: 
MGL5-10DKL
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
Teaching semester: 
2021 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Frå femte trinn og ut ungdomskulen utvidar mediekvardagen til barn og unge seg drastisk, til dømes gjennom bruk av spel og sosiale medium. Dette emnet gir ei fordjuping i profesjonsfagleg digital kompetanse og tek for seg korleis skulen og læraren kan møte og ta i bruk desse erfaringane til fagleg og sosial læring, og korleis ein kan utvikle erfaringane vidare gjennom skuleløpet i takt med elevane si utvikling.

Didaktisk arbeid med digitale og multimediale ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Mange kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Konsum, produksjon og deling av medieinnhald har vorte ein stor del av barne- og ungdomskulturen. Emnet har eit særleg fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, mediebruk og medieproduksjon for læring knytt til årstrinna 5-10. Gjennom kunnskap og ferdigheiter i korleis ein kan bruke til dømes tekst, lyd, programmering, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til meiningsfulle innhald i ulike faglege kontekstar, vert studenten i stand til å bruke og skape multimediale ressursar i læringsarbeidet.

Emnet har følgjande fagområde:

  • Digital- og mediekompetanse på faga sine premiss
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, digital danning og mediepedagogikk
  • Medieidentitet og mediekultur blant elevar på 5.-10.trinn
  • Undervisningsplanlegging og læringsdesign med multimediale læringsressursar
  • Didaktisk medieproduksjon med elevar 5.-10.trinn

Studenten vil gjennom emnet få ei særleg forståing for korleis ein kan legge til rette for, gjennomføre og evaluere læringsarbeid med eigne og andre sine multimediale læringsressursar i ulike faglege kontekstar, i samarbeid med elevane. 
 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha kunnskap om unge sin mediekultur og digitale og mediale erfaringar, ferdigheiter og danning
  • ha kunnskap om skulen og læraren sitt ansvar ift. nettjuss, nettvett og etikk både på mellomtrinnet og på ungdomstrinnet
  • ha kunnskap om korleis skulen kan bruke digitale verkty i arbeidet med sosial utjamning
  • ha innsikt i den digitale kompetansen si rolle i gjeldande læreplanverk, styringsdokument og rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
  • ha kunnskap om fagdidaktisk potensiale i og utfordringar ved bruk av digitale media
  • ha kunnskap om digital danning og dømmekraft, mellom anna i sosiale læringsnettverk, kjeldebruk og personvern
  • ha innsikt i korleis digitale media kan nyttast til tilpassinga av undervisning til den einskilde eleven sine føresetnadar og behov
  • vere kjent med, og har forståing for, forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
  • ha kunnskap om produksjonsprosessar og redaksjonelt arbeid med tekst, bilete, lyd, film og multimodale tekstar og digitale læringsverkty
  • vere kjent med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
  • ha kunnskap om mediepedagogisk læring og undervisning med fokus på læring både om, med og gjennom ulike medium
  • ha kunnskap om korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne produsere, bruke og evaluere digitale og mediale verkty og ressursar effektivt for nytte i ein læringssamanheng, til dømes bruk av programmering og sosiale medium på ungdomstrinnet
  • kunne rettleie og vurdere elevane sine medieproduksjonar og multimodale tekstar
  • kunne systematisk planleggje, gjennomføre og evaluere digitale arbeidsmåtar gjennom strategisk læringsdesign i undervisning i eigne fag
  • kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av digitale media i elevane sin læringsprosess
  • kunne reflektere kritisk over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kunne kritisk lese og ta i bruk kunnskap om og relevante resultat frå vitskaplege artiklar og forskingsarbeid i praktiske og teoretiske akademiske oppgåver
  • vere kjent med forskingsmetode og kan gjennomføre eit feltarbeid ut frå faga sine premissar
  • ha utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har utvikla fagkritisk forståing for å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar, til dømes knytt til valfaget Medium og informasjon og Programmering på ungdomstrinnet
  • kunne identifisere og analysere profesjonsfaglege problemstillingar knytt til digitale læringsformer og bruke denne innsikta i eiga undervising og forskings- og utviklingsarbeid
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kan produsere eigne læringsressursar og legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis dei kan lage ulike mediale produkt
  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
Working and learning activities

Emnet kombinerer seminar- og nettbasert læringsarbeid. Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til undervisning.

Arbeidskrav:

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret, også knytt til feltarbeid i praksis, vil inngå i ei arbeidsmappe der alle arbeidskrav skal vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen. Eit utval av desse arbeida vil inngå i eksamensmappa etter trekking. Studenten kan vidareutvikle dei trekte arbeida før endeleg eksamensinnlevering.

Utstyrskrav:

Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Synnøve Hedemann Amdam
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20