Semesters
- 2027 Autumn
- 2026 Autumn
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
BLUPRA3-5 Praksis 3. årssteg, 5 dagar
Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 3. studieår er samordna med emneplanane for dei valfrie fordjupingane.
I praksis tredje studieår, 5 dagar, skal ein ha fokus på oppågåver knytt til studenten si fordjuping, eller tilpassa oppgåver dersom studenten har valt internasjonalt semester.
Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.
Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med fordjupingane i tredje studieår eller internasjonalt emne, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.
Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- tema i fordjupingsemne eller tilpassa oppgåver dersom studenten har valt internasjonalt semester
Studenten kan
- planlegge, leie, gjennomføre og vurdere pedagogiske aktivitetar knytt til tema i fordjuping eller planlegge, leie, gjennomføre og vurdere leiardagar dersom studenten har tilpassa praksis knytt til internasjonalt semester
Studenten
- studenten meistrar å knyte saman teori og praksis
- deltek i faglege diskusjonar innanfor tema for fordjupinga eller knytt til tilpassa oppgåver dersom studenten har valt internasjonalt semester
Praksisopplæringa 3. studieår omfattar til saman 25 dagar, fordelt på to bolkar. Av dei 25 dagane er 5 dagar knytt til fordjupinga i haustsemesteret eller til tilpassa praksis dersom studenten har valt internasjonalt semester, og 20 dagar til kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid i vårsemesteret. Denne emneplanen gjeld 5 dagar praksis i haustsemesteret.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator ved høgskulen får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile tredje studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi studenten tilbakemeldingar og munnlege undervegsvurderingar og skriftleg sluttvurdering med framovermelding til slutt i praksis.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, didaktisk arbeid, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, og rettleiing med praksislærar. I denne praksisbolka skal studenten gjennomføre oppgåver knytt til den valgte fordjupinga eller tilpassa arbeidskrav dersom studenten har valt internasjonalt semester.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, føresette og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, føresette og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane. All dokumentasjon av praksis, og skriftleg samhandling med praksislærar og oppfølgingslærar, skjer ved bruk av Teams. Før praksis skal studenten sende eit notat til praksislærar, der forventningar til praksis kjem fram.
Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 5 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Arbeidskrav:
Det er ikkje arbeidskrav i praksis, studenten skal arbeide med ulike oppgåver både frå kunnskapsområda og profesjonsfagleg som vil dekke læringsutbyttebeskrivingane.
Studenten skal bli vurdert etter gitte kriterier. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Grading is carried out in accordance with chapter 10 of the Directive for Admission, Studies and Examination at Volda University College.
- Early Childhood Education - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 5 Days | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Vi viser til emnet i Canvas for meir informasjon. | 5 dagar |