Profile picture for user ImsSi

Silje Ims Lied

Avdelingsleiing

Dekan

Silje Ims Lied er dekan ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Ho er dosent i spesialpedagogikk, og har vore tilsett ved Høgskulen i Volda sidan januar 2009. Lied har arbeidserfaring frå barnehage, skule, pedagogisk psykologisk teneste (PPT) og psykisk helsevern for born og unge (BUP). I akademia har ho hatt fagstilling i pedagogikk, vore instituttleiar i Institutt for pedagogikk (2015 - 19) og prodekan for utdanning ved avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (2019 - 2023). Lied hadde i 2019 - 2023 eit særleg ansvar for å følge opp utdanningsfaglig kompetanse (t.d. kurs i pedagogisk basiskompetanse) og regional og desentralisert kompetanseutvikling (ReKomp, DeKomp og Komp.løft). Same periode var ho også fagleg koordinator for ordninga Kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. 

I 2022 - 25 var Lied i styringsgruppa og bistod USN i leiinga av det nasjonale nettverket for Kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderende praksis

Lied er ein del av leiargruppa i eit nasjonalt UH-nettverk for spesialpedagogikk i utdanningane, og sidan 2019 har ho vore fast medlem i UHR - lærerutdanning. Lied vart valt inn i arbeidsutvalet i 2021, og tok gjenvalg i 2025 

Pågåande forskingsprosjekt:

  • KOSIP - kompetansekartlegging av spesialpedagogikk og inkluderende praksis