Semesters

SP301 Spesialpedagogikk i barnehagen

Course code: 
SP301
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2026 Autumn
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Dette emnet skal gi studentane omfattande innsikt og kompetanse i grunnleggande spørsmål som gjeld inkludering og spesialpedagogisk hjelp. Emnet tek føre seg samanhengar mellom leiing, åtferd og læringsmiljø. Forholdet mellom intensjonar i styringsdokument og utøving av praksis står sentralt.  

Emnet vektlegg kompetanse i å skape vilkår for eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing for barn med ulike føresetnadar for læring. Sentralt i studiet er kunnskap om å legge til rette for eit tilbod av høg kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp. Emnet tek også føre seg korleis leiing og åtferd påverkar læringsmiljøet og det psykososiale miljøet i barnehagen. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv. Kunnskap om endringsarbeid er også sentralt.

Studiet inneheld ulike teoretiske innfallsvinklar til det spesialpedagogiske området og vert kjenneteikna av ei vid tilnærming til inkludering og tidleg innsats, med mål om at studentane utviklar evne til kritisk og analytisk tenking i barnehagen. Kunnskap om samarbeid med heimen og tverrprofesjonelt arbeid inngår i studiet. 

Utdanninga retter seg mot tilsette i barnehage som har relevant bachelorutdanning og som ønsker å utvikle eigen kompetanse i fagfeltet.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har  

  • omfattande kunnskap om tidleg innsats og inkludering 
  • grundig kunnskap om ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på spesialpedagogiske spørsmål  
  • inngåande kunnskap om leiing av endringsprosessar, tverrprofesjonelt og tverretatleg samarbeid, og samarbeid med heimen 
Learning outcome skills

Kandidaten  

  • kan identifisere, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og føresetnadar 
  • kan legge til rette for endringsprosessar 
Learning outcome qualification

Kandidaten   

  • kan analysere rammefaktorar for læring og kunne utvikle inkluderande læringsmiljø i barnehagen 
  • kan skape gode vilkår for meistring, læring og utvikling for barn med ulike føresetnadar  
  • har god innsikt, haldning og kritisk refleksjonsevne over spesialpedagogisk arbeid 
Working and learning activities

Emnet er eit nett- og samlingsbasert studium på 30 studiepoeng, organisert med tre fysiske samlingar pr. semester. Samlingane blir gjennomført ved Høgskulen i Volda, og går over to dagar kvar. Tilbodet er delvis nettbasert gjennom mellomarbeid som skal gjennomførast mellom kvar samling. 

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mellomarbeida på emnet er organisert som digitale oppgåver/innleveringar av ulike storleikar som studenten skal arbeide sjølvstendig med.  

Assessment requirements

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør  Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6  og Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Arbeidskrav: 

Haust:   

  1. Skriftleg individuell oppgåve. Problemstilling skal vere knytt til tema, litteratur og undervising innanfor emnet. 
  2. Eit munnleg gruppeframlegg med utgangspunkt i den skriftlege individuelle oppgåva. Gruppeframlegget presenterast for, og drøftast med studentar og faglærarar.  

Vår:    

  1. Skriftleg individuell oppgåve i form av ei litteraturliste over sjølvvalt pensum. Omfang av sjølvvalt pensum er 300 sider.  
  2. Skriftleg individuell oppgåve som tek utgangspunkt i kunnskapsdeling og utprøving av ny fagleg kunnskap i eige kollegium i barnehagen, knytt til eit sjølvvalt tema i emnet. 
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Birte Haddal Engeset
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
Omfang 3000 ord +/-10 %
Approval signature: 
Arne Myklebust