Semesters
PPU-DID1RL Didaktikk 1 Religion og livssyn
Ingen.
Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i KRLE/RE før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- Kunnskap om KRLE/RE faget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som KRLE/RE lærar
- Kunnskap om KRLE/RE-faget sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
- Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten:
- Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til KRLE/RE-faget sin plass i skulen
- Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i KRLE/RE-faget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
- Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Studenten:
- Kan vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
- Kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk), og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn, og med tilbod om individuell rettleiing.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning og andre læringsaktivitetar knytt til emnet. Les om frammøtekrav i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6
Frammøtekrav gjeld undervisninga både i spesifikk fagdidaktikk og felles fagdidaktikk.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved studiestart.
Studentar i primærfag har følgjande arbeiskrav i tillegg til 80% frammøte:
Del A) Eitt arbeid om KRLE/RE-fagdidaktiske problemstillingar for undervisningsplanlegging
Del B) Eitt arbeid om KRLE/RE-fagdidaktisk praksisrefleksjon i faglærarrolla
Studantar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav:
Godkjent 80% frammøte i undervisning knytt til sekundærfag, tildelt gjennom opptaksbrev
For å kunne ta eksamen i emnet må obligatorisk frammøte og arbeidskrav i pedagogikk 1 og didaktikk 1 vere godkjend.
Praksis 1 må vere påbyrja.
- Professional Teacher Qualification
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Tverrfagleg eksamen for didaktikk og pedagogikk. Det blir gitt to separate karakterar, ein for kvart emne. |