Semesters
PPU-DID1NO Didaktikk 1 Norsk
Ingen.
Lærarrolla og faget i skulen
Emnet skal utvikle kunnskap om innhald i skulefaget før og no, og om arbeidsmåtar, vurdering og grunngjevingar for læringsarbeid i faget. Læreplananalyse og kritisk vurdering av kunnskapsgrunnlag for faget som grunnlag for planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt.
Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt undervisningsfag skal spesialisere seg i fagdidaktikken for dette faget, gjennom deltaking i undervisning, rettleiing, litteraturstudie og oppgåveskriving. Studentar med opptak med to fag skal utvikle kunnskapar og ferdigheiter i begge faga. Sjå under arbeidskrav for korleis dette vert gjort.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
Kunnskap om norskfaget sin eigenart og mangfald, og dei utfordringane og moglegheitene dette gir som norsklærar
Kunnskap om norskfaget -sin plass, grunngjeving og progresjon i skulen
Kunnskap om undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer generelt og fagspesifikt
Studenten:
Kan analysere og drøfte utfordringar i læreplan og øvrige styringsdokument knytt til norskfaget sin plass i skulen
Kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i norskfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov
Kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar
Studenten:
Kan vise og utøve ein sjølvstendig og profesjonsetisk haldning i møte med alle elevar og kollegaer, og kan fremje dialog, toleranse og respekt
Kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
Undervisninga vert gitt på to ulike nivå: i plenum (felles fagdidaktikk) og i gruppe i aktuelle fag (spesifikk fagdidaktikk). Studenten vil få arbeidskrav tilpassa studenten sin fagbakgrunn og med tilbod om individuell rettleiing.
Arbeidskrav:
Presiseringar av arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Studentar i primærfag har følgjande arbeidskrav i tillegg til 80% frammøte:
Del A) Eitt arbeid knytt til undervisningsplanlegging og aktuelle fagdidaktiske problemstillingar i primærfaget.
Del B) Gjennomføre eitt didaktisk arbeid knytt til faglærarrolla i primærfaget.
Studentar i sekundærfag har følgjande arbeidskrav:
Godkjent 80% frammøte i undervisning i sekundærfaget.
For å kunne ta eksamen i emnet må obligatorisk frammøte og arbeidskrav i pedagogikk 1 og didaktikk 1 vere godkjend.
Praksis 1 må vere påbyrja.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Professional Teacher Qualification
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 45 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Tverrfagleg eksamen for didaktikk og pedagogikk. Det blir gitt to separate karakterar, ein for kvart emne. |