Semesters
- 2027 Autumn
- 2026 Autumn
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
MEV221 Medievitskap 3 – Frå fag til forsking: Korleis analysere medium
- PR, kommunikasjon og media: INF131, MEV121/MEV131 og MEV123/MEV132
- Medieproduksjon: MPRO112, MEV120 og MEV123/MEV132
- Journalistikk: JOU213, MEV121/MEV131 og MEV123/MEV132
Emnet gir ei breiare innføring i medie- og kommunikasjonsteori frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv. Studentane får innføring i sentrale teoriar og metodar for å analysere innhaldet, makta og samfunnsrolla til media. Emnet omfattar eit felles kjernepensum og ei sjølvstendig fordjupingsoppgåve.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om teoriar, omgrep og metodar som blir brukte i medievitskapleg analyse
- har kunnskap om korleis media sitt innhald, makt og samfunnsrolle kan analyserast frå humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv
Studenten:
- kan nytte teoretiske og metodiske verktøy i medievitskaplege analysar
- kan skrive akademiske tekstar baserte på eiga undersøking innanfor gitte tidsrammer
Studenten:
- kan reflektere kritisk over teoretiske, metodiske og analytiske val
- kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig akademisk arbeid
Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, rettleiing og sjølvstendig arbeid med ei fordjupingsoppgåve.
Ei godkjend prosjektskisse på om lag 500 ord. Skissa skal innehalde arbeidstittel, førebels problemstilling, grunngjeving for tema, aktuelt materiale og førebelse val av teori og metode.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Journalism - bachelor
- Media Production - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Det blir sett ein førebels karakter på semesteroppgåva. | Oppgåva skal vere på om lag 5 000 ord, i tillegg til litteraturliste og eventuelle vedlegg. | ||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Justerande munnleg eksamen med utgangspunkt i semesteroppgåva og pensum i emnet. |