Semesters

IKF108 Ernæring og helse

Course code: 
IKF108
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Autumn
2027 Spring
Assessment semester: 
2027 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen krav til forkunnskap, ta kontakt med studieadministrasjonen dersom du tidlegare har gjennomført emne IKF105 Ernæring og fysisk aktivitet ved Høgskulen i Volda.  

Course content

For å oppnå ei god folkehelse, er det viktig å sikre eit godt kosthald i befolkninga. Ein føresetnad er då å sørge for god ernæringskompetanse. Ernæring og kosthald er eit viktig og aktuelt fagfelt, i eit samfunn med stor grad av ulike helseutfordringar som er ernæringsrelaterte. Studiet passar for deg som er oppteken av korleis kosthald påverkar helse, og er særleg relevant for: 

  • Dei som ynskjer ein introduksjon til ernæring og helse før vidare studiar. 
  • Fagpersonar i ulike yrkesretningar der ernæring og helse er relevant, som til dømes innan skule- og barnehagesektor, helse- og omsorg, eller andre yrker innan folkehelse. 
  • Personar med interesse for ernæring og helse. 

 

Innhald 

  • Studiet Ernæring og helse gir ei grunnleggande innføring innan ernæringslære, og du vil lære kva kosthald som fremjar god helse og som førebyggjer ulike livsstilssjukdommar. Gjennom studiet vil det vere særleg fokus på følgande tema: 
  • Grunnleggande ernæringslære - Funksjon, omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff. 
  • Nasjonale anbefalingar for kosthald og ernæring. 
  • Ernæring i eit berekraftig perspektiv. 
  • Ernæringsrelaterte sjukdommar og førebygging av desse. 
  • Ernæring og kosthald i ulike grupper, som gravide, ammande, barn og unge, eldre og grupper med ulike allergiar og intoleransar. 
  • Kosthald i befolkninga i Norge – status, utvikling og trendar. 
Learning outcome
  • I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgende læringsutbytte etter fullført emne:
Learning outcome knowledge

Kandidaten: 

  • har brei kunnskap om sentrale tema innan ernæringsfeltet: 
  • kan gjere greie for funksjon, omsetnad, behov og utnytting av næringsstoff 
  • kan gjere greie for og vurdere matvarer sitt innhald av næringsstoff 
  • kan gjere greie for bakgrunn og innhald i dei nasjonale kostanbefalingane frå Helsedirektoratet 
  • kan gjere greie for faktorar som påverkar berekraftig matforbruk  
  • kan gjere greie for anbefalingar til ulike grupper av befolkninga 
  • kan gjere greie for dei mest sentrale livsstilssjukdommane, og korleis førebyggje desse 
  • kan gjere greie for utviklinga og status i norsk kosthald 
Learning outcome skills

Kandidaten: 

  • kan innhente informasjon om behov for ulike næringsstoff til ulike grupper av befolkninga 
  • kan registrere, berekne og vurdere næringsinnhaldet i ulike måltid 
  • kan setje saman eit kosthald i tråd med dei nasjonale anbefalingane 
  • kan legge til rette for og gjennomføre helsefremjande tiltak 
  • kan anvende relevante faglege verktøy 
  • kan søke, vurdere og vise til informasjon og kunnskap innanfor fagområdet 
Learning outcome qualification

Kandidaten: 

  • kan formidle og drøfte sentralt fagstoff 
  • har innsikt i forskingsarbeid innan fagfeltet 
  • kan utøve kritisk tenking og refleksjon i teori og praksis 
  • kan sjølvstendig analysere og vurdere kosthald i eit førebyggjande perspektiv, samt ha god kjennskap til dei offentlege anbefalingane 
  • kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet 
  • erkjenner begrensninga av eigen kunnskap i eit behandlande perspektiv 
Working and learning activities

Emnet er eit nettstudium og blir gjennomført på digital læringsplattform. Emnet har både teoretisk og praktisk tilnærming til fagområda. Det blir gitt innspelt undervisning til kvar modul. Det er derfor ingen faste eller obligatoriske samlingspunkt og er såleis eit fleksibelt studieprogram som passar godt for dei som ynskjer å kombinere jobb og studiar. Studiet er organisert i modular, med individuelle arbeidskrav. Modulane må vere godkjende innan gitte tidsfristar før ein kan gå vidare til neste modul.   

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er ingen krav til obligatorisk frammøte. 

Arbeidskrav:

Individuelle arbeidskrav skal gjennomførast og godkjennast før studenten kan framstille seg til eksamen. Utfyllande informasjon vedrørande arbeidskrav blir gitt ved studiestart.

Les meir om arbeidskrav i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.

Evaluation system
Minimum number of students: 
30
Maximum number of students: 
200
Person in charge: 
Magnhild Håskjold
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
24 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle hjelpemiddel tillatt
2500 ord