Semesters
IDK153N Programmering i musikkundervisning
Ingen.
Dette emnet gir ei innføring i programmering for bruk i musikkfaget i skulen. Ved å trekke linjene til musikkfaget sin teknologiske tradisjon, har faget som mål å kople det etablerte med det nye i musikkfaget etter LK20. Grunnleggande prinsipp i programmering vert introdusert både for å kunne oppleve, lage og utøve musikk. Emnet vil også kople didaktiske perspektiv frå programmering med didaktiske perspektiv frå musikkfaget og gjennom eit utviklingsarbeid vil studenten i emnet jobbe målretta med sin pedagogiske praksis. Studentar kan velje å fordjupe seg i programmeringsmiljø og programmeringsspråk relevant for eigen praksis (undervisningskontekst), t.d. tekstbaserte miljø for ungdomstrinn eller vidaregåande skule, blokkbaserte programmeringsmiljø eller programmering utan datamaskin for små- og mellomsteget i barneskulen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- er kjent med kvifor og korleis programmering kan vere ein del av musikkundervisning
- har god kjennskap til grunnleggjande element i programmering for bruk i eigen undervisningskontekst.
- har kunnskap om programmeringsdidaktikk relevant for undervisning i musikk
Kandidaten
- kan planlegge, utforme og feilsøke programkode for å lage og utøve musikk i eit undervisningsrelevant programmeringsmiljø
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid knytt til programmering og eigen musikkundervisning
Kandidaten
- kan reflektere over musikkundervisning sett i lys av teknologisk utvikling
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt eller i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skapande og utøvande musikkpraksis.
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidskrav som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidskrava kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg. Omfanget på arbeidskrava vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidskrava utgjer grunnlaget for eksamensmappa. Sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
Kr. 2.000,-.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | 100 % | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav. |