Semesters
DIGKOMPBHG1 Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen
Ingen.
Emnet «Innføring i digital kompetanse og praksis i barnehagen» skal gi pedagogane i barnehagen eit godt fagleg grunnlag for å forstå og bruke digitale verktøy i barnehagen på ein pedagogisk og reflektert måte. Gjennom emnet byggjer studentane kompetanse på tre nivå: som individ, som deltakar i profesjonsfellesskapet og som aktør i mediesamfunnet. Dette gir eit trygt grunnlag for å planleggje og dele digitale læringsprosessar i barnehagen, i tråd med Rammeplanen sitt mål om å støtte barns leik, kreativitet og læring. Studentane får innsikt i sentrale teoretiske perspektiv og omgrep som digital praksis, digital dømmekraft, profesjonsfagleg digital kompetanse og barns tidlege digitale kompetanse. Gjennom arbeidet med emnet skal dei utvikle kunnskap om korleis digitale ressursar kan fremje leik, utforsking, samtalar og læring, og korleis teknologien kan bidra til eit rikt og inkluderande læringsmiljø der alle barn får medverke. Emnet legg også vekt på kritisk refleksjon kring teknologiens rolle i barnehagen og i samfunnet. Studentane skal også bli medvitne om korleis digitale verktøy kan nyttast på ein etisk og pedagogisk forsvarleg måte, og korleis ein som profesjonsutøvar kan vurdere teknologiens relevans i barnehagekvardagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- kjenne og anvende forskingsbasert kunnskap om barn i ein digital verden, barns digitale leik, mediekultur og digitale kvardagspraksisar, samt (digitale) verktøy og metodar for ein variert praksis
- kjenne til korleis digitale verktøy påverkar sosial utjamning, jamfør barnehagen sitt samfunnsmandat
- kjenne til rammer som regulerer digital praksis i barnehagen, og korleis dette påverkar val og bruk av verktøy, som t.d. GDPR, lisensieringsreglar m.m.
- sjå rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse i samanheng med rammeplanen for barnehagen.
- reflektere over eigne verdiar, læringssyn og digital kompetanse som til dømes digital dømmekraft, personvern, nettvett, kildekritikk og opphavsrett.
- kjenne og ta omsyn til moderne barndom i mediesamfunnet, born si utvikling og korleis dette heng saman med ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling i eit allsidig læringsmiljø
Studenten skal kunne
- produsere, vurdere og evaluere innhald gjennom ulike modalitetar som t.d. lyd, bilete, film og animasjon knytt til arbeid med fagområda i rammeplanen
- implementere rik og variert digital praksis, i form av verktøy og metodar, i eige kollegium
- tilpasse praksis til rammer som regulerer digital praksis
- Legge til rette for at barna kan utforske, skape, leike og lære ved bruk av digitale verktøy i arbeidet med fagområda i rammeplanen.
- stimulere til utforsking/nytenking og utvikling av personleg kompetanse
Studenten
- verdset digital kompetanse og utforskar kreativ og skapande bruk av digitale verktøy saman med borna
- viser profesjonsfagleg innsikt i korleis digitale og teknologiske praksisar i barnehagen kan bidra til eit variert og stimulerande læringsmiljø
- viser evne til å utøve digital dømmekraft, reflektere kritisk og har eit bevisst forhold til opphavsrett, kjeldekritikk og tek barna sitt personvern i vare
Studiet er nettbasert og fundamentert på studentaktive læringsformer med fokus på praktisk utprøving på eigen arbeidsplass. Studenten kan jobbe seg gjennom studiet tilpassa eigen kvardag (asynkront). Vi nyttar Teams som supplement til Canvas sine kommunikasjonsverktøy for å styrke sosialisering og relasjonsbygging i studentgruppa. Slik får studentane også med seg perspektiv på ikkje berre bygd på eigen bakgrunn. Innhaldet i emnet består av leksjonar, som eksemplifiserer korleis digital praksis kan nyttast på eit mangfald av fagområde og kontekstar. Vurdering for læring ligg til grunn for læringsdesign og leder fram mot arbeidskrav og mappevurdering.
Frammøtekrav: ingen.
Arbeidskrav:
- Studentane skal planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere aktivitetar med digitale element
- Studenten skal planlegge og reflektere kring kunnskapsdeling i eigen barnehage.
Arbeidskrava vil bygge på aktivitetane i dei ulike delane av emnet og vidareutviklast til vurderingsmappa som utgjer eksamen. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 7 Days | Pass / fail | 100 |