Semesters
BLUNHR-BA Natur, helse og rørsle
Emnet skal gi studentane kunnskap og ferdigheiter i å leggje til rette for utforskande aktivitetar med barn i naturen, drive førebyggjande helsearbeid, planleggje og lage sunne måltid, samt møte barnas behov for omsorg, fysisk aktivitet, meistring og rørsleglede. Emnet omfattar sentrale tema som livsmeistring, helse og berekraftig utvikling, og legg vekt på praktisk og didaktisk arbeid i barnehagen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om dei nasjonale anbefalingane om fysisk aktivitet, mat og måltid i barnehagen
- ha kunnskap om fysisk aktivitet, kosthald og ernæring blant norske barnehagebarn, samt om matintoleranse, allergi, astma og inneklima
- ha grunnleggande innsikt i naturvitskaplege fenomen og kunne forklare samanhengar mellom biologisk mangfald, økologi, miljøproblem og berekraftig utvikling
- ha didaktisk kunnskap om korleis legge til rette for kroppsleg leik, læring og utforskning
- ha kunnskap om betydninga av kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp, sansar og varierte læringsmiljø lærer om verda og forstår seg sjølve
- ha grunnleggande kunnskap om menneskekroppen og barns fysiske og motoriske utvikling
Studenten skal:
- kunne reflektere over eigne verdiar og haldningar til mat og helse og vurdere myter og fakta om kosthald, og stimulere til ein sunn profil i barnehagen
- kunne reflektere over korleis praktisk arbeid på kjøkkenet kan vere med på å påverke arbeidet med mat og måltid i barnehagen for å fremje måltidsglede, smaksutvikling, deltaking, samtalar, fellesskapskjensle og innsikt i matens veg frå jord til bord
- kunne kartlegge korleis ein kan endre mat og måltidsvanar i barnehagen
- kunne identifisere og namnsette eit representativt utval av planter og dyr i norsk natur
- kunne observere, planlegge, gjennomføre og vurdere aktivitetar i ulike miljø og årstider, inkludert samisk kultur
- kunne planleggje og gjennomføre enkle eksperiment og leik som stimulerer til undring og utforsking av naturen sitt mangfald, naturfenomen og kvardagsteknologi
- kunne reflektere kring moglegheiter i nærmiljøet og nytte naturen som ein arena for friluftsliv, leik, undring, utforsking og læring
- kunne utføre førstehjelp og hjarte- og lungeredning (HLR)
Studenten skal:
- kunne gjere vurderingar kring tiltak som ivaretek eiga og barns helse og sikkerheit i barnehagen, og vurdere moglegheitene i nærmiljøet for rørsle gjennom leik og naturfagleg utforsking saman med barn
- kunne treffe slutningar om kva rolle mat og måltidsgjennomføring har i barnehagen
- kunne utøve ein praksis som fremjar livsmeistring, folkehelse og berekraftig utvikling i barnehagen
Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta. Undervisninga vil variere mellom førelesingar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, ekskursjonar, praktisk arbeid på kjøkken, aktivitetar i nærmiljø, på banar og i sal. Undervisning er samlingsbasert og digital.
I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snø-sikkert område.Studentane må ha skiutstyr. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg.
Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. BLUNHR-A inneheld rettleia praksis i barnehage.
Ein nyttar i hovudsak Canvas til innleveringar og kommunikasjon.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR-A: jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-6 For å få eksamensrett er det krav om 80% frammøte.
Arbeidskrav:
- Godkjent to digitale artsprøver
- Godkjent arbeidskrav etter praksis
- Godkjent innlevering og seminarpresentasjon i grupper om ein naturfagleg aktivitet
- Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) i mindre grupper
Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og utstyr/ingrediensar i samband med ekskursjonar og arbeidskrav.
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ingen | |||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av deltaking på vinterkurset "Barn og snø". Vurderingsgrunnlag: aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. | ||||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | Pass / fail | Gjennomføring og godkjenning av førstehjelpskurs med HLR - hjerte, lungeredning. Vurderingsgrunnlag: 100% aktiv deltaking på kurset. |