Hopp til innhald Hopp til meny Hopp til søkjefelt

 

Registrer deg innan 15. januar

I Studentweb skal du melde deg til undervisning og eksamen i alle emne du skal fylgje i komande semester. Dette gjer du ved å legge til/sjekke at dei aktuelle emna er lagt i utdanningsplanen din. Når dette er gjort godkjenner du utdanningsplanen, og du vil automatisk bli meldt til undervisning og eksamen. Sjekk at utdanningsplanen din ikkje er tom! Hugs også å sjekke at heimeadresse og studieadresse er rett. Er du ny student må du vente på giro med PIN-kode i posten før du kan registrere deg.

For å verte ferdig registrert og få tilgang til dei datasystema du treng, må du gjere tre ting:

1

Registrering i Studentweb

Logg på Studentweb

Gå til utdanningsplanen (del 2) og sjekk at alle emna du skal ha i komande semester er med. Dersom ikkje, legg til aktuelle emne i planen.

Godkjenn utdanningsplanen. Sjekk at du er meldt til undervisning og eksamen. Hugs også å sjekke at heimeadresse og studieadresse er rett.

Les meir her

2

Opprett brukarkonto

Opprett eller reaktiver brukarkonto - vi bestemmer brukarnamnet, men du lagar sjølv nytt passord.

PIN-kode finn du på giroen.

Brukarkontoen gir deg tilgong til dei nødvendige datasystema, og ei e-postadresse ved HVO. Vi nyttar hivolda-adressa til all kontakt med studentane, så hugs å sjå etter e-post ofte.

Opprett brukarkonto

3

Betal semesteravgift

Betal semesteravgift (for eksempel i nettbank). Nye studentar får no giro tilsendt. Betalingsinfo ligg også i Studentweb. Giroen viser detaljar om kva betalinga gjeld.

Semesterkvittering vert sendt til semesteradressa di i studentweb.

Lånekassen får automatisk melding når du er ferdig registrert
(punkt 1 til 3).

Når alle punkta er fullført, kan du be om semesterkvittering (kvart semester) og studentkort (første gong du er registrert ved HVO). Lånekassen får automatisk melding frå HVO når alt er i orden.

Spørsmål? Kontakt Studentsørvis på tlf 7007 5018.

 


Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Steffen Djupvik Brandtzæg 01. desember 2011 kl. 12.05 Publisert med NetEd : Publish