Innspelsmøte: Utlysing av KI-senter

KI
2024-04-23T10:00:00 - 2024-04-23T11:00:00

I samband med regjeringa si satsing på kunstig intelligens (KI), og Forskingsrådet si utlysing av KI-senter, ønskjer vi innspel til arbeidet med ein søknad om å etablere eit senter for KI på HVO - eller verte partnar i eit slikt senter. Forskingsadministrasjonen inviterer difor til innspelsmøte tysdag 23. april.

Vi tek gjerne imot innspel til mål for senteret, og forslag til kva senteret bør arbeide med. Dersom du ikkje har høve til å delta på møtet kan du gjerne sende innspel via nettskjema.

Om utlysinga: Utlysinga er todelt, med ei obligatorisk skisseutlysing med frist 7. juni 2024. KI-satsinga har tre hovudspor - konsekvensar av KI, teknologi og innovasjon. Kvart KI-senter skal dekke minst to spor. Meir informasjon om utlysinga kan du finne her.

Velkomen!

Del på