«Kompetanse for framtida»

Registrering

Alle studentar må registrere seg for å ha aktiv studentstatus ved høgskulen i studieåret. Registrering gir deg tilgang til undervisningsrom i E-læringssystem, melder deg til vurdering/eksamen, gir tilgang til bygningar på campus, og brukarnamn og passord til våre datasystem.

Semesterregistrering
Undervisningsopptak
Studentweb
Resultatutveksling
Semesteravgift
Semesterkvittering/Digitalt studentbevis
Studentkort



SEMESTERREGISTRERING

Registrering for hausten skjer frå 1. august til 1. september

Alle studentar må registrere seg
Registrering gir deg tilgang til informasjon i E-læringssystem, melder deg til vurdering/eksamen, gir tilgang til bygningar på campus, og brukarnamn og passord til våre datasystem.

Gå til registrering

Registrering_ok
Allereie registrert for komande semester? Sjekk likevel kva du er meldt til, i Studentweb, og oppdater semesteradressa di.

Treng du nytt passord? Du kan endre passord eller be om å få eit nytt her om du har gløymt det gamle. Du treng dette for å logge på våre datasystem (Feide), og du får det ved fyrste gongs registrering som student.

Betaling av semesteravgift:
Alle studentar må betale semesteravgift. Betalingsinformasjon (KID, kontonummer, beløp, betalingsfrist m.m.) finn du under "Betaling" i Studentweb frå registreringa åpnar.

MERK! Opptak til studium er ein avtale mellom deg som student og Høgskulen i Volda. Betalingsinformasjon frå høgskulen vert lagt i Studentweb, og du er sjølv ansvarleg for at avgifta blir betalt i tide. Dette gjeld også når tredjepart, t.d. Nav eller arbeidsgjevar, skal dekkje kostnaden.

For studium med studieavgift, vert faktura lagt i Studentweb i starten av september for haustsemesteret (januar for vårsemesteret).

Treng du hjelp? Ta kontakt med Studentsørvis på e-post studentsorvis@hivolda.no eller telefon 70 07 50 18.

 

UNDERVISNINGSOPPTAK FOR BACHELOR- og MASTERSTUDENTAR I LØP

8.-12.mai 2017 kan bachelor- og masterstudentar registrere seg for hausten 2017.
NB! Gjeld ikkje GLU-studentar.

I slutten av kvart semester er Studentweb open for at studentar i løp kan velje emne og registrere seg for komande semester. Du kan også registrere deg på vanleg måte i ordinær registreringsperiode. Registreringsperioden for haust 2017 er 1.august - 1. september, men då kan det vere at nokre emne ikkje lenger er mogleg å velje på grunn av kapasitet.

Før du kan registrere vala dine, må du sjekke eksamensdatoar i eksamensplanen for å unngå kollisjonar på eksamensavviklingane.

Vel emne som passar i din studieplan komande semester. Du kan også velje emne frå andre studieprogram dersom studieretten din tillet dette. Oversikt over alle emne som vert tilbodne ved HVO for hausten 2017 finn du her.

Sjekk i Studentweb om du har fått plass på emna dine. Om du vel emne med forkrav  eller emne med avgrensa tal på plassar, vil du få svar så snart vi har handsama søknaden din.

Dersom du ikkje får opptak på emnet, får du hjelp til å velje nye emne i ordinær registreringsperiode. 

Betal semesteravgift innan fristen - du er ferdig registrert!

 

STUDENTWEB

Du loggar deg på Studentweb via Feide, med brukarnamnet og passordet ditt. Dette er det same som du nyttar ved innlogg i på skulen sine system.

Dersom du har gløymt brukarnamnet eller passordet ditt, eller ynskjer å lage deg eit nytt passord, kan du gjere det her.

I Studentweb finn du følgjande informasjon:

Mine studium
Her finn du utdanningsplanen din.

Aktive emne
Her ser du kva emne du er undervisnings- og vurderingsmeldt (meld til eksamen) i.

Her finn du også eksamensinformasjon som

  • eksamensdato
  • kandidatnummer
  • innleveringsfristar
  • romplassering
  • innvilga tilretteleggingstiltak

Informasjon om aktive emne finn du også på startsida under "Komande hendingar".

Mine resultat
Her finn du eksamensresultata dine og her kan du bestille karakterutskrift. Du finn også informasjon om data om deg som er rapportert til Lånekassen.

Betaling av semesteravgift med meir
Under menyvalet "Meir.." finn du

  • betalingsinformasjon for semesteravgift
  • betalingsinformasjon for eventuell studieavgift
  • e-postar og SMSar som høgskulen har sendt til deg
  • bestillingsknapp for semesterkvittering på papir (vi rår deg til å bruke studentbevisappen)
  • bestillingsknapp for karakterutskrift

Profil
Oppe til høgre finn du profilen din. Her kan du mellom anna

  • oppdatere kontaktinformasjonen din
  • lage ny PIN-kode til studentkortet ditt
  • logge ut

RESULTATUTVEKSLING

Resultatutveksling er utveksling av resultat på vurderingar og grader mellom norske utdanningsinstitusjonar. Oversikt over institusjonar som tek del, finn du her.

Kven kan få resultata mine?
Studentweb og Søknadsweb lar deg takke ja eller nei til Resultatutveksling. Dersom du hos ein institusjon takkar ja, vil institusjonen få direkte tilgang til resultat på vurderingar og grader oppnådd ved andre deltakar-institusjonar. Dei andre institusjonane vil ikkje få tilgang til dine resultat før du takkar ja også hos dei.

Merk at du ikkje kan reservere deg mot innhenting frå einskilde institusjonar.

Korleis tillet eg resultatutveksling?
Du tillet resultatutveksling i Studentweb under menyvalet "Samtykke".

 

SEMESTERAVGIFT

Alle studentar skal betale semesteravgift kvart semester, jf Lov om studentsamskipnader (studentsamskipnadsloven) § 10.

Giro for semesteravgift i Studentweb
Giro med nødvendige betalingsoplysningar vert lagt ut i Studentweb under "Betaling" i slutten av juli (gjeld haustsemesteret) og i midten av desember (gjeld vårsemesteret). Betalingsfrist går fram av giroen. Giro blir ikkje sendt pr post.

Kven skal betale semesteravgift?
Alle studentar ved høgskulen skal betale semesteravgift til oss, også ved utveksling til samarbeidande skular. Unnatak:

  • Studentar som har utsett eksamen pga. sjukdom.
  • Studentar som har betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad i Noreg kan få fritak for denne delen av semesteravgifta (sjå under). Send inn/vis oss kvittering på at du allereie har betalt, eller kopi av semesterkvittering.

Kva må eg betale? *
Semesteravgift til Studentsamskipnaden på 450 kr. 

  • Betalinga er lovpålagd for alle som er aktive studentar eller som skal ta eksamen.
  • Frivilleg bidrag til "Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond" (SAIH) på 20 kr - du kan velje å redusere summen med 20 kr om du ikkje vil bidra til SAIH
  • Semesteravgift til Høgskulen i Volda på 250 kr. 
    Dette dekker utgifter som t.d. Kopinor-avgift og lisenskostnadar (IT)

* Satsane gjeld frå hausten 2016

 

SEMESTERKVITTERING/DIGITALT STUDENTBEVIS

Høgskulen i Volda tilbyr digitialt studentbevis (Studentbevisappen). Appen erstattar semesterkvittering på papir.

Studentbevis-appen fungerer som studentbevis hjå mellom anna studentsamskipnaden og kollektivtransportselskap, og vil vere gyldig på lik linje med studentkort og papirkvittering for betalt semesteravgift. Er du student på campus, treng du også studentkortet ditt. Dette nyttar du til dømes til å komme inn i på høgskulen på kveldstid og i helgane, låne bøker på biblioteket og bruke skrivarane på campus.

For at studentbevis-appen skal vere gyldig må du ha betalt semesteravgift og semesterregistrert deg.  Merk at det kan ta tre-fem dagar før betalinga er registrert i Studentweb.

Slik tek du i bruk appen

Du kan laste ned "Studentbevis"-appen her:

App store (IOS)

Google Play (Android)

Windows store

Vel Høgskulen i Volda, og logg på med Feide-pålogget ditt (dette er brukarnamnet og passordet du får i samband med registrering, og som m.a. vert nytta til å logge inn i Studentweb og Canvas).

Les samtykkeerklæringa og aksepter (appen kan berre brukast viss du samtykker).

Les vilkåra og godkjenn (appen kan berre brukast viss du godkjenner vilkåra).

Dersom du har betalt semesteravgift og semesterregistrert deg i Studentweb, vil kvitteringa vise i ei gul boks nedst på skjermen. Sjølve kvitteringa blir lagra i appen, så etter innlogging og registrering av betalt semesteravgift i appen kan den nyttast utan nettilgang.

Har du ikkje bilde i appen?
Studentar som er på campus får studentkort med bilde. Dersom du ikkje har slikt studentkort, kan du likevel nytte appen utan bilde. Du må då i tillegg vise fram annan gyldig legitimasjon med bilde på.

Har du ikkje smarttelefon?
Du kan bestille semesterkvittering på papir gjennom Studentweb. Frå menyen oppe til venstre vel du >Meir, deretter Bestillingar. Kvitteringa blir sendt til semesteradressa du har registrert i Studentweb.

 

STUDENTKORT

Studentar som kan møte til fotografering i Volda kan få studentkort.

Kva funksjon har studentkortet?
Dei viktigaste funksjonane er

  • nøkkelkort til dører i lag med PIN-kode. PIN-koden får du som ny student i registreringsprosessen. Har du gløymt PIN-koden får du hjelp her. PIN-koden kan du sjølv endre i Studentweb
  • tilgang til printer/kopiering
  • lånekort i biblioteket

Studentkortet er ikkje legitimasjon, men vert akseptert i nokre samanhengar. For at det skal vere gyldig studentbevis, må du også vise fram gyldig semesterkvittering.

Til vanleg får du studentkort i 1. etasje i Berte Kanutte-huset, i Studentsørvis.

Lånekort
Strekkoden på baksida og talet under er ditt lånenummer på biblioteket, og gir deg høve til å låne bøker m.m. På biblioteket er der ein sjølvbeteningsautomat der du nyttar studentkortet når du vil låne.

Nøkkelkort
Som student ved Høgskulen i Volda har du tilgang til hovudbygga døgnet rundt alle dagar. Dei som deltek på emne som brukar spesialrom, vil få tilgang desse gjennom registreringa si. Om du manglar tilgang, er du truleg ikkje rett registrert, eller har ikkje betalt semesteravgifta.

Du kan lese om kva tilgang du får med studentkortet her.

Utskriftskort/Kopieringskort
Safecom er utskrifts- og kopieringssystemet til høgskulen. Du har 30 gratis utskrifter ved start. Meir informasjon om utskrift og kopiering finn du her.

Dersom du mistar studentkortet
Ta kontakt med Studentsørvis, så vert tilgangen til i kortet stengt. Du kan få nytt kort ved å betale 100 kroner til Studentsørvis, så vert det skrive ut nytt studentkort.

Merk:

  • Kortet må aktiverast på nytt for bruk til kopi og print.
  • Det gamle kortet vil ikkje lenger opne dører. Om det dukkar opp att, er det sikrast å klippe det over.